Jupitermånen Callisto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Callisto
Callisto fotografert av Galileo-sonden i mai 2001
Oppdaging
Oppdaga avSimon Marius
Galileo Galilei
Oppdagingsdato1610
Baneskildring
Eksentrisitet0,007
16 dagar 16 timar 32,2 minutt
Banehelling0,281°
Satellitt avJupiter
Fysiske eigenskapar
Snittradius
1,883·106 km
Snittdiameter
4820,6 km
7,2 ·107 km²
Masse1,076·1023 kg
1,24 m/s² (0,1265 g)
synkron
0
Albedo0,20
Atmosfære
spor
Samansetjing etter volumKarbondioksid (100%)

Callisto er den tredje største månen til Jupiter. Han vart oppdaga av Galileo Galilei 7. januar 1610, og truleg nesten samstundes av Simon Marius, som føreslo namnet.

Callisto har særs mange krater. Det mest synlege detaljen på månen er Valhalla, som er eit enormt system av minst 15 konsentriske ringar med eit lyst sentrum. Månen vart fotografert i detalj av romsondane Voyager og Galileo.

Dette fotografiet av yta på Callisto, teke i september 1997 av romsonden Galileo, syner overgangen frå det ruglete indre av krateret Åsgard (øvre del av biletet) til dei jamnare slettene utanfor, fulle av mindre krater (nedre 2/3 av biletet).

Med ein diameter på 4821 km har Callisto ein diameter som er omkring 99 % av diameteren til planeten Merkur, men berre kring ein tredjedel av massen. Han er den fjerde galileiske månen ut frå Jupiter, med ein baneradius på kring 1 880 000 km.[1] Han er ikkje ein del av baneresonnansen som påverkar dei tre indre galileiske månane, Io, Europa og Ganymedes, og har derfor ikkje den same tidvassoppvarminga.[2] Rotasjonen til Callisto er bunden til banen kring Jupiter, slik at den same halvkula alltid vender innover. Jupiter verkar å stå stille på himmelen til Callisto. Månen er mindre påverka av magnetosfæren til Jupiter enn dei andre, indre månane, fordi han ligg lengre ute, like utafor hovudstrålingsbeltet til Jupiter.[3][4]

Callisto består av nesten like delar stein og is, og den gjennomsnittlege tettleiken er kring 1.83 g/cm3, den lågaste tettleiken og overflategravitasjonen til dei store månane til Jupiter. Av stoffa som er avdekt spektroskopisk på overflata finn ein mellom anna vassis,[5] karbondioksid, silikat og organiske stoff. Undersøkingar gjort av Galileo avdekte at Callisto har ein liten kjerne av silikat og kanskje eit underjordisk hav av flytande vatn[5] på ei djupne større enn 100 km.[6][7]

Overflata til Callisto er den eldste og mest kraterdekte i solsystemet.[8] Han syner ingen teikn til underjordiske prosessar som platetektonikk eller vulkanisme, og heller ingen teikn til at månen nokon gong har hatt slik aktivitet. Ein trur derfor at månen hovudsakleg har utvikla seg under påverknad av nedslag.[9] På overflata kan ein sjå strukturar med fleire ringar, forskjellige nedslagskrater, og rekkjer av krater (catenae) og tilhøyrande skrentar, ryggar og avsetjingar.[9] På liten skala er overflata variert og består av små, frostavleiringar på tuppen av høgareliggande område, omgjeve av lågareliggande, jamne teppe av mørkt materiale.[10] Ein trur dette kjem av sublimasjonsdriven forvitring av små landformer.[11] Den absolutte alderen til desse landformene er ikkje kjend.

Callisto er omgjeve av ein særs tynn atmosfære som består av karbondioksid[12] og truleg molekylært oksygen,[13] i tillegg til ein heller intens ionosfære.[14] Ein trur at Callisto har blitt danna av langsam akkresjon frå skiva av gass og støv som flaut kring Jupiter etter planeten var danna.[15] Den gradvis akkresjonen og mangelen på tidvassoppvarming, gjorde at det ikkje var nok varme for ein rask differensiering. Den langsame konveksjonen i det indre av Callisto, som kom i gang kort tid etter danninga, førte til delvis differensiering og kanskje danninga av eit underjordisk hav ved ei djupne på 100–150 km og ein liten, steinete kjerne.[16]

Eit hav på Callisto gjev mogelegheita for at det kan innehalde liv. Men tilhøva er langt mindre gunstige enn på den nærliggande månen Europa.[17]Forskjellige romsondar, frå Pioneer 10 og 11 til Galileo og Cassini har studert Callisto. På grunn av dei låge strålingsnivå, har Callisto lenge vore rekna som den mest høvande staden for ein framtidig menneskeleg base for utforsking av Jupitersystemet.[18][19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Planetary Satellite Mean Orbital Parameters». Jet Propulsion Laboratory, California Institute of Technology. 
  2. Musotto, Susanna; Varadi, Ferenc; Moore, William; Schubert, Gerald (2002). «Numerical Simulations of the Orbits of the Galilean Satellites». Icarus 159 (2): 500–504. Bibcode:2002Icar..159..500M. doi:10.1006/icar.2002.6939. 
  3. Cooper, John F.; Johnson, Robert E.; Mauk, Barry H.; Gehrels, Neil; et al. (2001). «Energetic Ion and Electron Irradiation of the Icy Galilean Satellites» (PDF). Icarus 139 (1): 133–159. Bibcode:2001Icar..149..133C. doi:10.1006/icar.2000.6498. 
  4. Space Today Online - Exploring Jupiter - The Cratered Moon Callisto
  5. 5,0 5,1 Chang, Kenneth (March 12, 2015). «Suddenly, It Seems, Water Is Everywhere in Solar System». New York Times. Henta March 12, 2015. 
  6. Kuskov, O.L.; Kronrod, V.A. (2005). «Internal structure of Europa and Callisto». Icarus 177 (2): 550–369. Bibcode:2005Icar..177..550K. doi:10.1016/j.icarus.2005.04.014. 
  7. Showman, Adam P.; Malhotra, Renu (1999). «The Galilean Satellites» (PDF). Science 286 (5437): 77–84. PMID 10506564. doi:10.1126/science.286.5437.77. 
  8. Callisto: Overview - Solar System Exploration - NASA, arkivert frå originalen 28. mars 2014, henta 20. august 2015 
  9. 9,0 9,1 Greeley, R.; Klemaszewski, J. E.; Wagner, L.; et al. (2000). «Galileo views of the geology of Callisto». Planetary and Space Science 48 (9): 829–853. Bibcode:2000P&SS...48..829G. doi:10.1016/S0032-0633(00)00050-7. 
  10. Moore, Jeffrey M.; Chapman, Clark R.; Bierhaus, Edward B.; et al. (2004). «Callisto» (PDF). I Bagenal, F.; Dowling, T.E.; McKinnon, W.B. Jupiter: The planet, Satellites and Magnetosphere. Cambridge University Press. Arkivert frå originalen (PDF) 27. mars 2009. Henta 20. august 2015. 
  11. Moore, Jeffrey M.; Asphaug, Erik; Morrison, David; Chapman, Clark R.; Bierhaus, Beau; Sullivan, Robert J.; Chuang, Frank C.; Klemaszewski, James E.; Greeley, Ronald; Bender, Kelly C.; Geissler, Paul E.; Helfenstein, Paul; Pilcher, Carl B.; et al. (1999). «Mass Movement and Landform Degradation on the Icy Galilean Satellites: Results of the Galileo Nominal Mission». Icarus 140 (2): 294–312. Bibcode:1999Icar..140..294M. doi:10.1006/icar.1999.6132. 
  12. Carlson, R. W.; et al. (1999). «A Tenuous Carbon Dioxide Atmosphere on Jupiter's Moon Callisto» (PDF). Science 283 (5403): 820–821. Bibcode:1999Sci...283..820C. PMID 9933159. doi:10.1126/science.283.5403.820. Arkivert frå originalen (PDF) 3. oktober 2008. Henta 20. august 2015. 
  13. Liang, M. C.; Lane, B. F.; Pappalardo, R. T.; et al. (2005). «Atmosphere of Callisto» (PDF). Journal of Geophysics Research 110 (E2): E02003. Bibcode:2005JGRE..11002003L. doi:10.1029/2004JE002322. 
  14. Kliore, A. J.; Anabtawi, A; Herrera, R. G.; et al. (2002). «Ionosphere of Callisto from Galileo radio occultation observations». Journal of Geophysics Research 107 (A11): 1407. Bibcode:2002JGRA.107kSIA19K. doi:10.1029/2002JA009365. 
  15. Canup, Robin M.; Ward, William R. (2002). «Formation of the Galilean Satellites: Conditions of Accretion» (PDF). The Astronomical Journal 124 (6): 3404–3423. Bibcode:2002AJ....124.3404C. doi:10.1086/344684. 
  16. Spohn, T.; Schubert, G. (2003). «Oceans in the icy Galilean satellites of Jupiter?» (PDF). Icarus 161 (2): 456–467. Bibcode:2003Icar..161..456S. doi:10.1016/S0019-1035(02)00048-9. Arkivert frå originalen (PDF) 27. februar 2008. Henta 20. august 2015. 
  17. Lipps, Jere H.; Delory, Gregory; Pitman, Joe (2004). «Astrobiology of Jupiter's Icy Moons» (PDF). Proc. SPIE. Instruments, Methods, and Missions for Astrobiology VIII 5555: 10. doi:10.1117/12.560356. Arkivert frå originalen (PDF) 20. august 2008. Henta 20. august 2015. 
  18. Trautman, Pat; Bethke, Kristen (2003). «Revolutionary Concepts for Human Outer Planet Exploration (HOPE)» (PDF). NASA. Arkivert frå originalen (PDF) 19. januar 2012. Henta 20. august 2015. 
  19. Troutman, Patrick A.; Bethke, Kristen; Stillwagen, Fred; Caldwell, Darrell L. Jr.; Manvi, Ram; Strickland, Chris; Krizan, Shawn A. (28 January 2003). «Revolutionary Concepts for Human Outer Planet Exploration (HOPE)». American Institute of Physics Conference Proceedings 654: 821–828. doi:10.1063/1.1541373. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jupitermånen Callisto