Juridisk person

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Juridisk person er ein juridisk omgrep.

Omgrepet omfattar alle rettssubjekt som ikkje er ein fysisk person og som opptrer overfor omverda som ei eining. Ein juridisk person har kapasitet til inngå avtale som om det var ein fysisk person, og kan saksøke og saksøkast (har partsevne i prosess).

Eksempel på juridiske personar er statar, statlege foretak, fylkeskommune, kommune, interkommunale selskap, aksjeselskap, ansvarleg selskap, andelslag, foreiningar, stiftingar, osv.

På den andre sida er eit vanleg tingsrettsleg sameige i utgangspunktet ikkje ein juridisk person, der vil til dømes kvar enkelt medeigar måtte saksøkast i ein tvist.