Justin Gatlin
| Justin Gatlin | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 10. februar 1982 (44 år) Brooklyn, New York by |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Friidrett under Sommer-OL 2012 – 100 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 100 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 100 meter menn, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 200 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – 4 × 100 meter stafett menn |
Justin Gatlin (fødd 10. februar 1982) er ein tidlegare sprintar frå USA. Han tevla i både 100 meter og 200 meter sprint.
Gatlin har tidlegare delteke i sommar-OL 2004 i Aten, der han vann gull på 100 meter og bronse på 200 meter i tillegg til sølv på 4 x 100 meter stafett. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors tok Gatlin gull på både 100 meter og 200 meter. I 2006 var han ein hundredel frå å setja ny verdsrekord på 100 meter, før han same året vart teken i doping. Opphavleg vart Gatlin utestengd frå idretten i åtte år, men straffa vart seinare korta ned til fire år.[1] Gatlin gjekk difor glipp av m.a. Sommar-OL 2008 i Beijing.
Gatlins personlege rekordar på 100 meter og 200 meter lyder 9,74 og 19,57 sekund. Begge desse rekordane er frå 2015-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2004 i Aten: Gull på 100 m, sølv i 4 x 100 m stafett, bronse på 200 m
- VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje på 100 m og 200 m
- VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 100 m (10,23=nr 14)
- OL 2012 i London: Bronsemedalje på 100 m – 9,79
- VM 2013 i Moskva: Sølvmedalje på 100 m og i 4 x 100 m stafett
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje på 100 m og 200 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje på 100 m – 9,89
- VM 2017 i London: Gullmedalje på 100 m, sølvmedalje i 4 x 100 m stafett
- VM 2019 i Doha: Gullmedalje i 4 x 100 m stafett, sølvmedalje på 100 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Justin Gatlin» (på engelsk). Olympedia. Henta 11. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Justin Gatlin» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.
- Einskildmenn
- Fødde i 1982
- Sprintarar frå USA
- Verdsmeistrar i friidrett for USA
- Olympiske meistrar for USA
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for USA
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Dopingsaker i friidrett
- Folk frå New York City