Yohan Blake
Yohan Blake | |
![]() | |
Fødd | 26. desember 1989 (33 år) Saint James Parish |
Yrke | friidrettsutøvar |
Yohan Blake på Commons |
Yohan Blake (fødd 26. desember 1989) er ein jamaicansk sprintar. Blake tevlar på distansane 100 meter og 200 meter og under sommar-OL 2012 er han ein av dei sterkaste konkurrentane til den regjerande verdsmeisteren, Usain Bolt. [1]
Yohan Blake har mange gullmedaljar frå friidrettstevlingar i ungdommen. I 2007 deltok Blake på Carifta Games på Turks- og Caicosøyane, der han sette ny jamaicansk juniorrekord på 100 meter med 10,11 sekund.
I 2009 deltok Blake på sin fyrste verdsmeisterskap i friidrett i Berlin. Der vart han teken for doping saman med to andre jamaicanske sprinterar; Marvin Anderson og Sheri-Ann Brooks. Blake kom sterkare tilbake til VM i friidrett 2011 i Daegu, der han tok han gull både på 100 meter og 100 meter stafett.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Yohan Blake» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2012.