Juveldunfot
| Juveldunfot | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av juveldunfot | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
| Familie: | Kolibriar Trochilidae |
| Underfamilie: | Lesbiinae |
| Stamme: | Heliantheini |
| Slekt: | Eriocnemis |
| Art: | Juveldunfot E. isabellae |
| Vitskapleg namn | |
| Eriocnemis isabellae | |
Dunfotkolibrien juveldunfot, Eriocnemis isabellae, er ein nyleg oppdaga kolibriart som berre er kjent frå eit særs avgrensa habitat i Cauca-departementet i sørvestre Colombia.[1] Arten blei den ellevte arten i den biologiske slekta Eriocnemis, og er ein av fire artar i slekta som er kritsik truga.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dette er ein relativt mørk og liten dunfotkolibri i slekta Eriocnemis, med kroppslengd på 8 til 9 centimeter og masse på ca. 4.5 gram. Hannen si fjørdrakt er mørk grøn, undergumpen er iriserande grønblå. Det som er karakteristisk for fjørdrakta er ornamentet i strupe og øvre bryst som er fleirfarga metallisk, frå blåfiolett i sentrum til grønt mot kantane. Fjørduskane ved beina er kvite. Hofuglar er lysare grøn, og har refleksar i raudbrunt og turkis i buken.
Habitatet ligg i temperert elfinskog og tåkeskog, og er trudd å vere mindre enn 10 kvadratkilometer[2] i Serrania del Pinche, Cauca-departementet.[1] Det ligg høgt i bratte fjellsider, ca. 2500 til 3000 moh. Her finn desse kolibriane føde i tett vegetasjon.[3]
Juveldunfot er kategorisert som kritisk truga av BirdLife International. Det finst ikkje informasjon om storleiken på populasjonen, men han er trudd å vere minkande, truga av skogrydding for kokaplantasjar mellom anna.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Cortés-Diago, A.; Ortega, L. A.; Mazariegos-Hurtado, L.; Weller, A.-A. 2007. A new species of Eriocnemis (Trochilidae) from southwest Colombia. Ornitologia Neotropical 18(2): 161-170
- Fjeldså, J. og C. J. Sharpe (2020). Gorgeted Puffleg (Eriocnemis isabellae), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gorpuf1.01
- BirdLife International (2023) Species factsheet: Eriocnemis isabellae. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. august 2023
- Referansar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Eriocnemis isabellae hos Artsdatabanken
- (en) Eriocnemis isabellae i Catalogue of Life
- (en) Eriocnemis isabellae i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Eriocnemis isabellae hos ITIS
- (en) Eriocnemis isabellae hos NCBI
- (en) Kategori:Eriocnemis isabellae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Eriocnemis isabellae – detaljert informasjon på Wikispecies