Kåre Øvregard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kåre Øvregard
Fødd 19. februar 1933
Jostedal

Kåre Øvregard (fødd 19. februar 1933) er ein norsk Ap-politikar, lærar, rådmann og forfattar. Øvregard var fødd i Jostedalen, og busett i Gaupne i Luster kommune. Han tok eksamen ved Stord lærarskule 1957, Statens sløyd og tegneskole 1961 og sommarkurs ved NLH 1964. Han var lærar ved Sperle skule 1957-1962 og Gaupne barneskule 1962-1975. Øvregard var varaordførar i Jostedal 1959-1962, i Luster 1965-1967 og han var ordførar i Luster 1975-1977. Han hadde m.a. verv i skulestyre, var leiar i generalplannemnda og var medlem i både den kommunale og fylkeskommunale friluftsnemnda. Øvregard var medlem i Interimsstyret for Norske vasskraftkommunars landssamanslutning 1976-1985. På riksplan har han hatt tillitsverv i styreorgan i Vinmonopolet, og har elles hatt lokale styreverv i Vestlandsbanken. Kåre Øvregard var stortingsrepresentant 1977-1989 og han var rådmann i Luster 1989-1994.

I lokalt organisasjonsarbeid har Øvregard hatt ei rad styreverv i ungdomslag, musikkliv og idrettslag. Han var styremedlem for Arbeidararkiv Sogn og Fjordane frå 1989.

Kåre Øvregard har skrive lokalhistoriske bøker for Luster og ei barnebok.

I 2011 vart Øvregard tildelt kulturprisen til Luster kommune.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Gaupne skule- og ungdomskorps 25-års jubileum (Gaupne: Eige forlag)
  • 1996 – Skulen i Luster gjennom 250 år : kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane (Gaupne: Luster kommune) . ISBN 82-991182-5-5 Tilgjengeleg i bokhylla.no  [Over tittelen: Den gamle - og så den nye tid]
  • 2003 – Leirdalen - ei perle i Luster : jordbruksbygda Storflaumane frå Brimkjelen Vasskraftutbygginga (Luster: Eige forlag) . ISBN 82-996797-0-2

I tidsskrift- eit utval[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]