Hopp til innhald

Gaupne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaupne
stad
Gaupne inst i fjorden
Foto: G.Lantig
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Luster
Areal 1,49 km²
Folketal 1 286  (2024)
Folketettleik 863 / km²
Postnummer 6868 GAUPNE
Innbyggjarnamn gopning [1]
Preposisjon i Gaupne
Ferdselsårer Gaupne 604
Kart
Gaupne
61°24′17″N 7°17′40″E / 61.40472°N 7.29458°E / 61.40472; 7.29458
Wikimedia Commons: Gaupne

Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 286 innbyggjarar per 1. januar 2024 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.

Gaupne gamle kyrkje
Foto: kirkenorge.no

Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.

Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]

Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[1]

  1. 1 2 Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7
  2. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]