Køge Bugt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luftfoto over kyst- og strandområdet nord for Køge fra lystbåthavnen og Køge Nordstrand nederst til venstre via de lange smale standbremmer ved Ølsemagle Revle og videre mot nord til Jersie Strand og Solrød Strand øverst til høyre. Den samlede kyststrekning på bildet er på godt 10 km.

Koordinatar: 55°31′N 12°13′E Køge Bugt er ei bukt aust for Aust-Sjælland mellom Avedøre i nord og halvøya Stevns i sør. Den gamle byen Køge ligg sentralt i bukta. Det samla arealet til bukta utgjer om lag 500 km², og ho har ei middeldjupne på rundt 10 meter. Vatnet er lite salthaldig med ein saltprosent på berre rundt 1. Dette betyr ho har ein noko annleis økologi enn Kattegat.

Langs bukta ligg ei rekkje lange sandstrender. Særleg området nord for Køge, mot Jersie, Solrød Strand og utanfor Ishøj ligg store strandområde, nokre av dei kunstig anlagte strender. Nord i bukta, utanfor kysten ved Brøndby Strand, Vallensbæk og Ishøj, ligg den store kunstige stranden Køge Bugt Strandpark.

Det er relativt godt fiske i bukta.

Bukta er mellom anna kjend for slaget i Køge bukt i 1677, under Gyldenløvefeiden, og slaget i Køge bukt i 1710, under Den store nordiske krigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]