Køge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Køge
by
byvåpen
Land  Danmark
Region Region Sjælland
Kommune Køge kommune
Folketal 35 618
Tidssone CET
Kart
Køge
55°27′0″ N 12°10′0″ E
Wikimedia Commons: Køge

Køge er ein by i Køge kommune på Aust-Sjælland. Han har 35 618 innbyggjarar (2013). Køge fekk kjøpstadsrettar i 1288, og er rik på gamle bindingsverksbygningar. I dag ligg fleire store verksemder i Køge. Byen ligg 39 km frå København og 24 km frå Roskilde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Køge er kjend for slaget ved Køge bukt i 1677. Den danske kommandanten Niels Juel med 38 skip og 6 992 mann sigra over den svenske flåten med 48 skip og 8 636 mann. Svenskane tapte over 3 000 soldater og 8 skip. Sigeren er rekna som den største Danmark-Noreg hadde til sjøs.

Rådhuset i Køge er frå rundt 1550, og gamlebyen har elles fleire gamle bygningar frå tida 1550 til 1660. Dette var ei tid då borgarane her slo seg opp på eit rikt sildefiske i Øresund. Byen blei teken av svenske soldatar fleire gonger under Svenskekrigane. Karl X Gustav forskansa byen, men då han trekte seg ut i 1660, var Køge utpint økonomisk. Krigane mot England tidleg på 1800-talet var heller inga lukke for byen. I 1807 stod slaget ved Køge, der ein dansk milits blei slått av britiske styrkar. I 1816 slutta Køge å vera garnisonsby.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Utover på 1800-talet blei det skipa fleire fabrikkar her. I 1870 kom det jernbane til byen då jernbanen Lille Syd blei etablert. Ni år seinare kom også Østbanen til Køge. I dag har byen ferje til RønneBornholm. Både E20 og E47/E55 går forbi byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Køge