Hopp til innhald

Kabylsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kabylsk
ثاقبايليث Ṯāqbāylīṯ
Klassifisering Afro-asiatisk
 Berbar
  Nordlege berbarspråk
   Kabylsk
Bruk
Tala i Algerie; immigrantsamfunn i Frankrike, Belgia, etc.
Område Kabylia
Kabylsktalande i alt 6 000 000 (2005)
Skriftsystem Latinske eller arabiske bokstavar
Språkkodar
ISO 639-2 kab
ISO 639-3 kab

Kabylsk er eit berbarspråk (kabylsk taqbaylit, uttala [θɑqβɛiˈliθ]) snakka av kabylfolket. Det er over 6 000 000 talarar i heile verda, ein majoritet av dei, 4,5 millionar, bur i Algerie.

Grammatikk

[endre | endre wikiteksten]

Som i andre afroasiatiske språk er ordbøyinga sentrert rundt konsonantstrengar, såkalla røter, t.d. rg «å drøyme». Desse dannar eit XCXCX-templat, som det er mogleg å setje inn vokalar for, for å få ulike ordformer.

Vokalisering a-u:  argu  (imperfektiv)
Vokalisering u-a:  urga  (perfektiv)

Kabylisk har ulike modus, kausativ, passiv, resiprokal, faktiv + resiprokal. Desse blir danna med å prefiksere konsonantar til CC-templatet.

I arabisk er det ein tendens til tre-konsonant-røter, men i kabylisk er tendensen å ha to.

Kabylisk har også affiksering. Konsonantinitiale substantiv dannar plural med suffiks, som sg. lbiru, pl. lbiruwat,

Språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Ytre språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

Kabylsk har ei relativt kort historie, det var (med nokre unntak) nesten ikkje skrive før på 1900-talet, likevel har det i seinare tid har ein liten men aukande litteratur vokse fram. Den originalt munnlege poesien til Si Mohand og Ait Menguellet er spesielt verdt å nemne her.

Døme:

OrdOmsettingUttale:
jordakalækjel
himmeligenniiguenni
vatnamanæmen
eldtimesthimess
menneskjeamdanamdhan
mannargazærges
kvinnetamettutthæmttoth
etaeččetsh
drikkasewsoww
stormeqqarmekkor
litenmezzibeztouh. amezzjan, akkrour
nattidhidh
dagassæss

Indre språkhistorie

[endre | endre wikiteksten]

...

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Loikkanen, Sinikka 1998: Vocabulaire du roman kabyle (1981-1995) une étude quantitative. Études et documents berbères, no. 15/16, p. 185-196, online loikkanen98.pdf