Kalush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalush
Kalush, Turquoise Carpet 2022.png
SjangerHiphop, folkhop
PlateselskapColumbia Records, Def Jam Recordings
PrisarYUNA for Best Hip Hop Hit, Vinner av Eurovision Song Contest, YUNA for Best Hip Hop Hit, YUNA for Best Pop Group

Kalush er ei ukrainsk hiphopgruppe som vart skipa i 2019. Gruppa består av rapparen Oleh Psiuk, multiinstrumentalisten Ihor Didentsjuk og DJ MC Kilimmen. Didentsjuk er også medlem av det ukrainske elektro-folk-bandet Go_A. Bandet er kalla opp etter Kalusj, heimbyen til skiparen Oleh Psiuk.

Kalush driv også sideprosjektet Kalush Orchestra saman med folkemusikarane Tymofij Muzytsjuk og Vitalij Duzjyk. Kalush Orchestra representerte Ukraina i Eurovision Song Contest 2022 og vann med låten «Stefanija».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gruppa Kalush vart etablert av rapparen Oleh Psiuk i 2019, og han fekk med seg Ihor Didentsjuk og DJ MC Kilimmen.[1] Gruppa gav ut sin fyrste singel og musikkvideo «Ne marynuj» (Не маринуй) på sin eigen YouTube-kanal 17. oktober 2019. Videoen var filma i gatene i Kalusj, og var laga av filmregissøren Delta Arthur.[2][3]

I november 2019 gav Kalush ut sin andre musikkvideo, «Ty Gonysh». Det førte til at gruppa fekk ei avtale med det amerikanske hiphop-platemerket Def Jam Recordings, som igjen er ein del av Universal Music Group.[1] Gruppa gav ut sitt debutalbum Hotin i februar 2021, og i juli same år kom oppfølgjaralbumet Jo-Jo (ЙО-ЙО) saman med rapparen Skofka.[4][5][6]

Kalush Orchestra[endre | endre wikiteksten]

I 2021 lanserte Kalush parallellprosjektet Kalush Orchestra. I motsetning til hovudgruppa, kombinerer Kalush Orchestra rap med folketonar og tradisjonell ukrainsk musikk. Kalush Orchestra består av dei tre medlemmane i Kalush og av multiinstrumentalistene Tymofij Muzytsjuk og Vitalij Duzjyk.[7]

Vidbir og Eurovision Song Contest 2022[endre | endre wikiteksten]

Den 12. februar 2022 deltok Kalush Orchestra i den ukrainske songtevlinga Vidbir 2022 med songen «Stefanija» (Стефанія). Dei vann telefonavrøystinga, men enda på andreplass samanlagt, bak vinnaren Alina Pasj.[8] Som vinnar fekk ho oppdraget med å representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia. Eit par dagar etter Vidbir 2022 valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget, etter strid rundt ei vitjing ho hadde til Krimhalvøya i 2015.[9][10] Den 22. februar 2022 kunngjorde den ukrainske ålmennringkastaren Suspilne at dei hadde vald Kalush Orchestra til å representere landet i Eurovision Song Contest.[11]

Favorittstempel etter invasjonen[endre | endre wikiteksten]

Berre to dagar etter kunngjeringa gjekk Russland til militært angrep på Ukraina.[12] Invasjonen gjorde at songen og den ukrainske deltakinga i Eurovision fekk ekstra stor merksemd, og «Stefanija» gjekk rett til topps hos bookmakarane.[13][14][15][16]

Den europeiske kringkastingsunionen utestengde samstundes Russland frå tevlinga, som del av dei omfattande sanksjonane mot russiske myndigheiter.[17] Trass invasjonen og krigen vedtok Ukraina seg for å delta i Eurovision Song Contest 2022.[18]

Sigeren i Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I vekene fram mot Eurovision Song Contest var Kalush Orchestra og «Stefanija» soleklår favoritt til å vinne,[19] og dei innfridde favorittstempelet. I finalen vann dei ein solid siger etter å ha fått rekordmange røyster frå tv-sjåarane. Heile 439 poeng fekk det ukrainske bidraget i finalen, og heile 28 land gav Ukraina 12 poeng.[20] Dette var den tredje sigeren til Ukraina i Eurovision Song Contest.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Hotin (2021)
  • Jo-Jo (2021), med Skofka.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Som Kalush[endre | endre wikiteksten]

  • «Ne marynuj» (2019)
  • «Ty Gonysh» (2019)
  • «Hory» (2019), med alyona alyona.
  • «Kent» (2020)
  • «Tipok» (2020)
  • «Virus» (2020)
  • «Vajb» (2020)
  • «Sterzjen» (2020)
  • «Góry» (2020)
  • «V trendi pafos» (2020)
  • «BIMBO» (2020)
  • «Takykh jak ja» (2020)
  • «Zori» (2020)
  • «Voda» (2020), med alyona alyona.
  • «Otaman» (2020), med Skofka.
  • «Balabon» (2020), med PANINI.

  • «Ne zabudu» (2021)
  • «Pirnaju» (2021), med Stanislavska.
  • «Ty mala ne dumala» (2021), med PAUCHEK.
  • «Dodomu» (2021), med Skofka.
  • «Davaj natsjystotu» (2021), med Skofka.
  • «Ne naprjahajsia» (2021), med Skofka.
  • «Fajna» (2021)
  • «Majakom» (2021), med Skofka.
  • «Ja jdu» (2021), med Skofka.
  • «Taksi» (2021), med Khrystyna Solovij.
  • «Khvyli» (2021), med Jerry Heil.
  • «Peremoha» (2021), med Okean Elzy.
  • «Mala v 19» (2021)
  • «Majbutnist» (2022), med Artem Pyvovarov.

Som Kalush Orchestra[endre | endre wikiteksten]

  • «Sjtomber Vomber» (2021)
  • «Stefanija» (2022)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kalush - Hip-hop Ukraine». Europavox (engelsk). Henta 22. februar 2022. 
  2. Solovjov, Tony (1. november 2019). «Ukrainian Hip-Hop Is A Real Thing Now». Medium (engelsk). Henta 22. februar 2022. 
  3. «Alyona Alyona радить: сленговий реп у новому проєкті Kalush (відео) | iod.media». ЙОД.MEDIA (ukrainsk). Arkivert frå originalen 2019-12-13. Henta 22. februar 2022.  Både |archive-date= og |arkiv-dato= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både |archive-url= og |arkiv-url= er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp)
  4. «"HOTIN" - дебютний альбом гурту KALUSH». rap.ua (ukrainsk). 19. februar 2021. Henta 22. februar 2022. 
  5. «KALUSH випустили один із найочікуваніших альбомів в українському репі». СЛУХ — онлайн-медіа про музику та все, що навколо неї. 19. februar 2021. Henta 22. februar 2022. 
  6. «Українські репери KALUSH і SKOFKA випустили спільний альбом». espreso.tv (ukrainsk). Henta 22. februar 2022. 
  7. «Kalush Orchestra: “’Stefania’ track is about the dearest person, Mom”». ESCBubble (engelsk). Henta 22. februar 2022. 
  8. Colclough, Phil (12. februar 2022). «Vidbir 2022 - Eurovision in times of trouble - Alina Pash to Eurovision». OnEurope (engelsk). Henta 22. februar 2022. 
  9. «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (engelsk). 16. februar 2022. Henta 22. februar 2022. 
  10. «Ukraine offers Kalush Orchestra Eurovision 2022 spot "to maintain the trust of the audience"». wiwibloggs (engelsk). 17. februar 2022. Henta 22. februar 2022. 
  11. «Ukraine: Kalush Orchestra will go to Turin with 'Stefania' 🇺🇦». Eurovision.tv (engelsk). 22. februar 2022. Henta 22. februar 2022. 
  12. NTB (24. februar 2022). «Internasjonal fordømmelse av Russlands angrep mot Ukraina». www.abcnyheter.no (norsk). Henta 5. mars 2022. 
  13. «Eurovision 2022 Odds: Ukraine see plenty of Betting Momentum». BettingOdds.com (engelsk). 3. mars 2022. Henta 5. mars 2022. 
  14. «Eurovision 2022 odds: Ukraine passes Italy to become the new favourite to win». wiwibloggs (engelsk). 28. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  15. Catherine Gonsholt Ighanian (28. februar 2022). «Ukraina til topps på Eurovision-bettingen: – Vi skal ikke skuffe». www.vg.no (norsk bokmål). VG Nett. Henta 5. mars 2022. 
  16. Leif Tore Lindø (28. februar 2022). «Reservene fra Ukraina er MGP-favoritter». www.aftenbladet.no (norsk bokmål). Stavanger Aftenblad. Henta 5. mars 2022. 
  17. «EBU statement regarding the participation of Russia in the Eurovision Song Contest 2022». Eurovision.tv (engelsk). 25. februar 2022. Henta 5. mars 2022. 
  18. «Kalush Orchestra - Ukraine - Turin 2022». Eurovision.tv (engelsk). Arkivert frå originalen 2022-02-23. Henta 5. mars 2022. 
  19. «Ukraine: Eurovision 2022 betting odds have Kalush Orchestra as favourites to win following final national selection weekend». wiwibloggs (engelsk). 16. mars 2022. Henta 16. mars 2022. 
  20. Bronson, Fred; Bronson, Fred (15. mai 2022). «In Record-Setting Fashion, Ukraine Rides Popular Sentiment to 2022 Eurovision Win». Billboard (engelsk). Henta 16. mai 2022.