Alina Pasj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alina Pasj
Alina Pash, 2022.jpg
Fødd6. mai 1993 (29 år)
FødestadBusjtyno
FødenamnАліна Иванівна Паш
AliasAlina Pash
OpphavUkraina
Aktiv2012–
SjangerHiphop, verdsmusikk, pop
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar, rappar, komponist

Alina Ivanivna Pasj (fødd 6. mai 1993) er ein ukrainsk songar, rappar og skodespelar. Ho deltok i den sjette sesongen av ukrainske X Factor. I 2022 vann ho den ukrainske songtevlinga Vidbir 2022 med songen «Shadows of Forgotten Ancestors», og ho skulle representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2022.[1] På grunn av strid rundt ei reise til russisk-annekterte Krim, valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Pasj vart fødd i Busjtyno i Zakarpatska oblast i 1993.[3] Som 17-åring i 2010 deltok ho i TV-programmet Karaoke na majdani, og 2015 vart ho nasjonalt kjend då ho kom på tredjeplass i den sjette sesongen av ukrainske X Factor.[4][5] I 2019 gav Pasj ut sitt fyrste studioalbum, Pintea: Hory. Albumet gav henne to nominasjonar til den ukrainske musikkprisutdelinga YUNA, og ho vann i klassen beste hiphophit.[6][7] Pasj mottok òg M1 Music Award-nominasjonar og opptredde på Atlas Weekend-festivalen.[8]

I juni 2019 gav Pasj ut albumet Pintea: Misto. To år etter følgde det tredje albumet hennar Rozmova, som gav henne to YUNA-nominasjoner.[9][10][11]

Eurovision Song Contest 2022[endre | endre wikiteksten]

Pasj deltok i Vidbir 2022, det ukrainske svaret på norske Melodi Grand Prix. Vinnaren av Vidbir får representere Ukraina i Eurovision Song Contest. Pasj deltok med låten «Shadows of Forgotten Ancestors». Songen vann juryavstemminga og vart nummer to i telefonavstemminga, og vann Vidbir 2022 samanlagt. Han skulle dimed representere landet i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Få dagar etter sigeren vart det likevel strid rundt eit besøk Pasj hadde hatt på russisk-annekterte Krim i 2015. I Ukraina er det strenge reglar for innreise til Krim, blant anna må ukrainarar søke om innreise, og innreisa må skje via Ukraina.[12]

Pasj leverte inn dokumentasjon på at ho hadde reist inn via Ukraina, men kringkastaren Suspilne meinte dokumentasjonen var fabrikkert.[13][14] Til slutt valde Pasj å trekkje seg frå oppdraget om å representere Ukraina i Eurovision Song Contest, og kommenterte at ho «ikkje ville ha denne virtuelle krigen og hatet. Den viktigaste krigen no er den ytre, den som kom til landet mitt i 2014» – med tilvising til krigen i Aust-Ukraina. Hendinga skjedde òg midt under den spente krisa mellom Russland og Ukraina, der Russland hadde deployert store styrkar langs grensa til Ukraina.[15][16][17]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2019 – Pintea: Hory
  • 2019 – Pintea: Misto
  • 2021 – Rozmova

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2020 – Amerikraine Dream
  • 2021 – Norov

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – «Bitanga»
  • 2018 – «Oinagori»
  • 2019 – «Oboloka» (med Born Dirty)
  • 2019 – «Ne pyly» (med Freel)
  • 2020 – «Vysokomirni»
  • 2020 – «Ne vpasty» (med Anja Sapajeva)
  • 2020 – «Amaga» (med T-Zhuk)
  • 2020 – «N.U.M.»
  • 2021 – «Molytva»
  • 2021 – «Palayu» (med Kretsjet og Donn & Osmon)
  • 2021 – «Motanka»
  • 2022 – «Shadows of Forgotten Ancestors»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ukraine: Alina Pash wins ‘Vidbir’ national final 🇺🇦» (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 13. februar 2022. 
  2. «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. 
  3. «Аліна Паш: Якщо я порушила законодавство України – готова відповідати за законом». Henta 13. februar 2022. 
  4. «От спасателя до финалистки "Х-фактор" : Алина Паш рассказала о своем жизненном пути». Henta 13. februar 2022. 
  5. «Рэп-исполнительница Алина Паш: творческий путь и самые популярные хиты (ВИДЕО) | HOCHU.UA» (på russisk). Henta 13. februar 2022. 
  6. Vogue.ua. «Карпатская магия в клипе Alina Pash на трек Bosorkanya». Henta 13. februar 2022. 
  7. «Восьма церемонія. YUNA 2019» (på engelsk). Henta 13. februar 2022. 
  8. Vogue.ua. «Що українські артисти покажуть на Atlas Weekend». Henta 13. februar 2022. 
  9. «Певица Alina Pash выпустила новый альбом «Pintea: Misto»» (på russisk). Henta 13. februar 2022. 
  10. Vogue.ua. «Співачка Alina Pash – про проєкт «ДНК її сутності» та власний стиль». Henta 13. februar 2022. 
  11. «Оголошено номінантів YUNA 2021» (på engelsk). Henta 13. februar 2022. 
  12. «Alina Pash: Singer won't represent Ukraine at Eurovision». BBC News (på engelsk). 16. februar 2022. 
  13. «Ukraine's Eurovision act quits after claims she illegally travelled to Russia-controlled Crimea» (på engelsk). Henta 17. februar 2022. 
  14. «🇺🇦 Ukraine: Alina Pash Withdraws From Eurovision 2022» (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021. 
  15. «Ukraine: 'Vidbir' winner Alina Pash will not go to Eurovision 🇺🇦» (på engelsk). 16. februar 2022. Henta 17. februar 2022. 
  16. «“I don’t want this virtual war” — Alina Pash withdraws from Eurovision following Crimea travel controversy» (på engelsk). 16. august 2021. Henta 16. oktober 2021. 
  17. AS, TV 2 (17. februar 2022). «Ukrainsk vinner trekker seg fra Eurovision» (på norsk). Henta 17. februar 2022.