Go A

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Go A

Aktiv2012–
Sjangerfolktronica
PlateselskapMoon Records, Universal Music Polska

Go_A er eit ukrainsk folk-elektronikaband som består av vokalisten Kateryna Pavlenko, multiinstrumentalisten Taras Sjevtsjenko, gitaristen Ivan Hryhorjak og Ihor Didentjuk på blåseinstrument. I februar 2020 vann Go_A den ukrainske songtevlinga Vidbir med songen «Solovej». Med sigeren skulle Go_A ha representert Ukraina i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart tevlinga avlyst. I staden vedtok kringkastaren UA:PBC at Go_A skal representere Ukraina i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Sjum».[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Go_A vart skipa i slutten av 2012.[2] Namnet Go_A spelar på det å gå attende til røtene eller start: «go» i tydinga å gå, medan A er den fyrste bokstaven i alfabetet.

Go_A kombinerer folkemusikk med moderne musikksjangrar, som dance og elektronika, ein kombinasjon som har vorte populær i Ukraina. Bandet har opptredd i ei rekkje musikkfestivalar rundt om i landet, og bandet fekk ei hit med låten «Vesnjanka» som låg på den slovakiske hitlista for dance-låtar i seks veker.[3][2] I 2016 gav bandet ut debutplata #Idinazvuk.

Gruppa var relativt ukjend i Ukraina fram til 2020, då Go_A vann den ukrainske songtevlinga Vidbir i regi av tv-kanalane STB og UA:PBC.[4][5] Gruppa deltok med songen «Solovej» (nattergal) og vann både jury- og telefonavrøystina. Med sigeren skulle Go_A representert Ukraina i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020.[2] På grunn av koronaviruspandemien såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Go_A skulle i staden deltake i Eurovision Song Contest 2021, men med ein annan song.[7] I februar 2021 vart det kunngjort at gruppa skulle delta med songen «Sjum» ('støy').[8]

Besetning[endre | endre wikiteksten]

  • Kateryna Pavlenko – vokal
  • Taras Sjevtsjenko – diverse instrument
  • Ivan Hryhorjak – gitar
  • Ihor Didentsjuk – det ukrainske fløyteinstrumentet sopilka og andre blåseinstrument

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Tittel Detaljar
#Idinazvuk
  • Utgjeve: 7. desember 2016
  • Format: Digital nedlastning
  • Merke: Moon Records

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Album
«Sjtsjedryj vetsjir» 2017 Ikkje frå album
«Rano-ranenko» 2019
«Solovej» 2020
«Sjum» 2021

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Herbert, Emily (18. mars 2020). «Ukraine: Go_A Will Represent Ukraine at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Go_A will represent Ukraine in Rotterdam». eurovision.tv. 22. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  3. «Go_A – Ukraina – Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 24. februar 2020. 
  4. «Ukraine selects Go_A for Eurovision 2020 | KyivPost - Ukraine's Global Voice». 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  5. «Go_A presents ‘Nightingale’ song for Eurovision 2020 Ukraine’s National Selection» (på engelsk). Arkivert frå originalen 24. februar 2020. Henta 24. februar 2020. 
  6. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  7. «Go-A to represent Ukraine at Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  8. «Ukraine's Go_A will sing "SHUM" at Eurovision 2021» (på engelsk). 4. februar 2021. Henta 6. februar 2021.