The Tale of Peter Rabbit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eventyret om Petter Kanin
The Tale of Peter Rabbit

Forfattar(ar)Beatrix Potter
Språkengelsk
Sjangerbarnelitteratur
Utgjevenoktober 1902
ForlagFrederick Warne & Co
IllustratørBeatrix Potter
Sider56

The Tale of Peter Rabbit er ei barnebok skriven og illustrert av Beatrix Potter og gjeven ut i 1901. Boka fortel soga om den livlege og ulydige kaninen Peter Rabbit som lurer seg inn i, og blir jaga rundt, grønsakhagen til Mr. McGregor. Han kjem seg unna og vendar heim til mora, som får han i seng. Soga blei skriven for fem år gamle Noel Moore, sonen til Potter si tidlegare guvernante Annie Carter Moore, i 1893. Ho blei revidert og trykt av Potter sjølv i 1901 etter å ha blitt avvist av fleire forlag. I 1902 gav Frederick Warne & Co. ut boka, som blei ein suksess. I åra som følgde kom det ut ei rekkje nye utgåver. Boka er blitt omsett til 36 språk,[1] og med sal av 45 millionar eksemplar er ho ei av dei bestseljande bøkene i historia.[2]

Sidan utgjevinga har boka vore knytt til mange ulike produkt for barn og vaksne, som leiker, dekketøy, mat, klede og filmar. Potter var ein av dei fyrste til å introdusera slike produkt då ho tok patent på ei Peter Rabbit-dokke i 1903, og følgde opp ganske snart med eit brettspel. Peter Rabbit er blitt verande populær blant barn i over eit hundreår, og booka er blitt gjeven ut i nye utgåver og forteljinga tolka i fjernsyn og film.

Boka blei omsett til norsk som Eventyret om Petter Kanin av Oddmund Ljone i 1972.[3]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Peter et grønsakene til Mr. McGregor
Mr. McGregor prøver å fanga Peter

Soga tek for seg ein familie antropomorf kaninar. Kaninmora, som er enkje, åtvarer dei fire barna sine Flopsy, Mopsy, Cottontail, og Peter (den elste) om å ikkje gå inn i grønsakhagen til Mr. McGregor, fordi kona hans ein gong steikte far deira i ein pai etter at han gjekk inn dit. Trillingane Flopsy, Mopsy og Cottontail gjer som mora seier, og går i staden langs vegen for å plukka bjørnebær. Men Peter er ulydig og lurer seg inn i hagen for å eta grønsaker.

Peter et meir enn han burde, og får vondt i magen. Han går på leit etter litt persille for å bli betre, men blir sett avMr. McGregor. Han mister jakka og skorne sine medan han prøver å flykta. Han gøymer seg i ei vasskanne i eit skjul, men må rømma att når Mr. McGregor finn han, og går seg heilt vill. Etter å snika seg forbi ein katt ser Peter porten han kom inn i hagen gjennom og spring mot han. Han blir sett og jaga av Mr. McGregor att, men klarer å kravla ut under porten.

Peter kjem heim, men føler seg dårleg, og blir sendt i seng av mor si. Mora lurer på kleda hans er blitt av, og er irritert fordi dette er andre gongen på to veker at Peter har mista jakke og skor. Ho forstår at han er blitt sjuk av å ha ete i hagen til Mr McGregor. For å kurera mageverken hans gjev Mrs. Rabbit Peter kamillete i ei teskei. Småsystrene Flopsy, Mopsy og Cottontail får ein god kveldsmat med mjølk, brød og bjørnebær. Mr. McGregor bruker kleda Peter mista til fugleskremselet sitt.

Utgjevingsprosessen[endre | endre wikiteksten]

Soga var inspirert av eit kjæledyr Potter hadde hatt tidlegare, som ho kalla Peter Piper.[4] På 1890-talet sendte Potter illustrerte sogebrev til barna til den tidlegare guvernanta si, Annie Moore. I 1900 føreslo Moore at Potter kunne gje sogene ut som bøker. Potter likte ideen, og lånte breva, som familien Moore hadde teke god vare på. Ho valde ut eit brev frå september 1893 ho hadde skrive til fem år gamle Noel om ein kanin som heitte Peter. Ifølgje Potter-biografen Linda Lear var soga i det opphavlege brevet for kort, så Potter «la til litt tekst og laga nye svart-kvite illustrasjonar [...] og gjorde det meir spennande. Desse endringane saktna forteljinga, la til intrige, og gav ei større kjensle av at tida gjekk. Så kopierte ho forteljinga inn i ei skrivebok med stive permar, og måla eit farga tittelblad av Mrs Rabbit som gjev Peter kamillete».[5]

Tittelsida til den privat utgjevne utgåva frå 1901

Potter kalla boka si The Tale of Peter Rabbit and Mr. McGregor's Garden og sende henne til fleire forlag, men fekk henne i retur, også frå Frederick Warne & Co., som tidlegare hadde hatt noko interesse for kunsten hennar. Nokre forleggjarar ønskte ei kortare bok, andre ville ha ei som var lengre. Dei fleste ville også ha fargeillustrasjonar, som nyleg var blitt rimelege og populære.[6] Avslaga var frustrerande for Potter, som visste nøyaktig korleis ho ville ha boka, og kor mykje ho skulle kosta.[7] Ho hadde nytta mykje av formatet og stilen til Helen Bannerman si populære bok Little Black Sambo. Potter bestemte seg for å gje ut boka på eiga hand, og 16. desember 1901 var dei fyrste 250 eksemplara av den privat trykte The Tale of Peter Rabbit klare til å sendast til familie og vennar.[8]

I 1901 sendte ein familieven av Potter, kannik Hardwicke Rawnsley, ein versjon av soga i sine eigne formanande vers i lag med Potter sine illustrasjonar og ein del av det reviderte manuskriptet hennar til Frederick Warne & Co.[9] Warne avslo denne versjonen, men bad om å få sjå heile det reviderte manuskriptet til Potter. Warne meinte boka hadde vore betre med farga illustrasjonar, men Potter meinte at kanin-brunt og grønt ikkje var gode fargar for kolorerte bilde. Warne avslo boka, men opna for ei mogleg framtidig utgjeving.[10]

Warne meinte fargeillustrasjonar gjennom heile boka ville vera betre, og føreslo å redusera talet på illustrasjonar frå 42 til 32.[10] Sjølv om Potter fyrst var imot tanken på fargeillustrasjonar, gjekk ho etterkvart med på ideen og sendte Warne fleire fargeillustrasjonar, i lag med den privat trykte utgåva av boka. Warne sendte desse til barnebokillustratøren Leonard Leslie Brooke , som var imponert. Dette fall saman med eit kraftig oppsving i marknaden for små biletbøker.[11]

Det fyrste opplaget blei selt ut, mellom anna til Sherlock Holmes-skaparen Arthur Conan Doyle, som fekk tak i ei bok til barna sine. Etter at det fyrste private oppplaget på 250 eksemplar var selt ut, blei det laga eit nytt med 200.[12] I eit av eksemplara skreiv ho at hennar eigen kanin Peter var død.[13]

Potter og Warne blei til slutt einige om eit fyrste opplag på 5000.[14] Dei skreiv endeleg avtale i juni 1902.[13] Potter var tett involvert i utgjevinga, og laga nye illustrasjonar der det var nødvendig, og småendringar i teksten og teiknsetjinga. Tekst og illustrasjonar blei sende til trykkaren Edmund Evans for xylografi-gravering, og ho gjekk gjennom prøvetrykka. Fyrsteopplaget av boka var blitt selt ut før utgjevingsdatoen i oktober 1902, og det blei raskt trykt nye. Ved slutten av året var det trykt 28 000 eksemplar av The Tale of Peter Rabbit. Eit år etter den fyrste kommersielle utgjevinga var det trykka 56 470 eksemplar.[15]

Film[endre | endre wikiteksten]

I 1938, kort tid etter suksessfilmen Snow White and the Seven Dwarfs, blei Walt Disney interessert i å laga ein animasjonsfilm som bygde på The Tale of Peter Rabbit. I eit brev til ein venn skreiv Potter at ho var imot planane til Disne, fordi "eg har ikkje så mykje håp for resultatet. Dei føreslår å bruka teiknefilmfigurar; det verkar som om ei rad figurar kan klemmast saman til å gje eit inntrykk av rørsle. Eg trur ikkje bilda ville bli tilfredsstillande ... eg bryr meg ikkje særleg mykje med det!"[16]

I 1935 blei forteljinga laust fortolka i ein kortfilm av Merrie Melodies, Country Boy. Soga er ein del endra frå den til Potter, til dømes er etternamnet Rabbit endra til Cottontail, og Peter har to brør i staden for tre systrer. I 1971 var Peter Rabbit ein figur i ballettfilmen The Tales of Beatrix Potter. Seint i 1991 sendte HBO ei animert musikalsk fortolking, The Tale of Peter Rabbit, med Carol Burnett som forteljar.[17] I 1992 blei det laga ein ny animasjon for BBC, The World of Peter Rabbit and Friends, i lag med The Tale of Benjamin Bunny. Peter Rabbit blei mykje omtalt i ein film om Beatrix Potter frå 2006, Miss Potter. I desember 2012 blei ein ny CGI-animert barne-TV-serie, Peter Rabbit, send på Nickelodeon, og heile serien byrja å sendast i februar 2013.[18][19]

I februar 2018 kom det ut ein 3D live-action/CGI-animert spelefilm, Peter Rabbit, regissert av Will Gluck. James Corden, Daisy Ridley, Margot Robbie og Elizabeth Debicki var stemmeskodespelarar, medan live action-rollene blei spelte av Domhnall Gleeson, Rose Byrne og Sam Neill.[20] I 2021 kom det ut ein oppfølgjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mackey 2002, s. 33
  2. Worker's Press
  3. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 1. september 2021 
  4. Mackey 2002, s. 35
  5. Lear 2007, s. 142
  6. Lear 2007, s. 143
  7. Lear 2007
  8. Lear 2007, s. 145
  9. Lear 2007, s. 145–146
  10. 10,0 10,1 Lear 2007
  11. Lear 2007, s. 147
  12. Lear 2007, s. 150
  13. 13,0 13,1 Lear 2007, s. 149
  14. Lear 2007, s. 148
  15. Lear 2007, s. 152
  16. Laws, Emma (2007). «Showing 'What a Woman Has Done': The Beatrix Potter Collections at the V&A». Art Libraries Journal 32 (1): 25–30. ISSN 0307-4722. doi:10.1017/S0307472200014826. 
  17. «The Tale of Peter Rabbit». Turner Classic Movies. Atlanta: Turner Broadcasting System (Time Warner). Henta October 9, 2016. 
  18. «Nickelodeon Premieres Peter Rabbit with Holiday Special». People Magazine. 12. desember 2012. Arkivert frå originalen 17. desember 2012. Henta 8. februar 2013. 
  19. «Adventure Abounds in Peter Rabbit, Nickelodeon's New Animated Preschool Series Premiering Tuesday, Feb. 19, At 12 pm (ET/PT)». PR Newswire. 7. februar 2013. Henta 22. oktober 2018. 
  20. Schaffstall, Katherine (9 February 2018). «'Peter Rabbit': Meet the Voices Behind the Animated Characters». The Hollywood Reporter. Henta 15 May 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The Tale of Peter Rabbit