Kanye West

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kanye West
Kanye West at the 2009 Tribeca Film Festival.jpg
Kanye West i 2009.
Verkeleg namn Kanye Omari West
Opphav Atlanta i Georgia i USA
Fødd 8. juni 1977 (41 år)
Atlanta
Ektefelle Kim Kardashian
Instrument

vokal, sampler

Sjanger
Aktive år 1996 til i dag
Yrke Rappar, songar, låtskrivar, produsent, motedesignar, entreprenør
Plateselskap GOOD Music, Roc-A-Fella, Def Jam
Nettstad www.kanyewest.com

Kanye West er ein amerikansk rappar, låtskrivar og produsent. Han er ein framståade hiphop-produsent som vart stor stjerne etter solodebuten i 2004. West har sidan debuten vore ein av dei mest framståande og mestseljande artistane internasjonalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1996–2008[endre | endre wikiteksten]

West voks opp i Chicago-området og gjorde først karriere som produsent for r&b- og hiphop-artistar som Talib Kweli, Brandy, Ludacris, Mariah Carey, Alicia Keys, Janet Jackson og Jay-Z. Den første solosingelen hans «Through The Wire» (2003) handlar om ei nesten-fatal bilulukke som West var involvert i. Denne og dei endå større hitane «All Falls Down» og «Jesus Walks» er henta frå debutalbumet The College Dropout (2004). Late Registration (2005) vart ein kritikarrost storseljar verda over, takk vere hits som «Diamonds From Sierra Leone», «Gold Digger», «Heard 'Em Say» og «Touch the Sky». Kanye West står også bak suksessen til John Legend, som fekk sitt suksessalbum Get Lifted utgjeve på plateselskapet hans, GOOD Music. Albumet Graduation (2007) gav ham hits med «Stronger» og «Good Life», og 808s & Heartbreak (2008) med «Love Lockdown» og «Heartless».

2010–2011[endre | endre wikiteksten]

I 2010 gav West ut sitt femte studioalbum, My Beautiful Dark Twisted Fantasy til særs gode kritikkar. Norske musikkjournalister kåra det til årets beste gjennom «Kritikertoppen 2010», og enkelte internasjonale kritikarar hevda at albumet var hans beste nokosinne. My Beautiful Dark Twisted Fantasy vart følgt opp året etter med Watch the Throne, som var eit samarbeid med rapparen og førebiletet Jay-Z. Albumet inneheldt mellom anna storhiten «Niggas in Paris».

2013–2017[endre | endre wikiteksten]

I 2013 gav West ut sitt sjette studioalbum. Yeezus er hans mest omstridde album, med eit alternativt, mørkare og meir kompromisslaust lydbilete enn tidlegare. Tre år seinare vart The Life of Pablo gjeve ut eksklusivt på strøymingstenesta Tidal. Albumet, som er kalla opp etter Pablo Picasso, vart møtt med både lunkne og særs entusiastiske omtalar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Kanye West er gift med realitykjendisen Kim Kardashian som han har tre barn saman med. Ekteparet er særleg mykje omtals i internasjonal sladrepresse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]