Karfunkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Karbunkel eller karfunkel er ei gammal nemning for edelstein, særleg brukt om klåre, raude steinar som rubin, spinell, turmalin og granat. Karfunkelen var i mellomalderen høgt skatta på grunn av dei visstnok magiske eigenskapane sine. Saman med smaragden var han òg i renessansen høgast vurdert blant edelsteinar, til han i løpet av 1600- og 1700-talet kom meir i bakgrunnen på grunn av den aukande populariteten til diamanten. Karfunkelen var slipt en cabochon.

Namnet kjem frå det latinske carbunculus, som tyder «lite kolstykke», over tysk med påverknad frå funke, «gneiste». Opphavleg var det ei nemning på eit lite stykke gloande kol. Theofrastos og Plinius den eldre brukar nemninga om klåre, raude edelsteinar, og karfunkel er brukt i denne tydinga i avhandlingane frå mellomalderen om edelsteinar, i poesi og i romanar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]