Rubin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rubin
Ruby - Winza, Tanzania.jpg
Naturlege rubinkrystallar frå Winza i Tanzania
Generelt
KategoriMineral-varietet
Kjemisk formelAluminiumoksid med krom, Al2O3:Cr
Identifikasjon
FargeRaud, kan vere brunaktig, lillaaktig eller rosaaktig
KrystallformVarierer me lokaliteten. Endar i tavleforma heksagonal prisme.
KrystallsystemTrigonal (heksagonal skalenoeder), symbol (−3 2/m), Romgruppe R3c
KløyvIkkje verkeleg kløyv
BrotUjamn eller muslig
Mohs hardleiksskala9,0
GlansGlasaktig
Strekfargekvit
TransparensGjennomsiktig
Spesifikk vekt4,0
Optiske eigenskapar
Brytingsindeksnω=1,768–1,772
nε=1,760–1,763
Dobbeltbryting0.008
PleokroismeOransjeraud, lillaaktig raud
Ultrafiolett fluorescensraud under langbølgja stråling
Smeltepunkt2044 °C
Oppløyselegheitingen

Rubin er ein raud varietet av mineralet korund. Fargen kjem av små mengder av krom. Klåre rubinar høyrer til dei venaste, mest sjeldne og kostbare edelsteinane. Dei blir vanlegvis slipte med fasettar. Mindre klåre steinar blir gjerne slipt som cabochon. Såkalla stjernerubin viser ei rørleg 6-takka stjerne på yta, ein effekt kalla asterisme.

Rubinar har vore høgt skatta heilt sidan antikken og har vore gjenstand for overtru, mytar og segner. Dei beste, dueblodsraude rubinane kjem frå Mogok-distriktet i Myanmar, medan rubinar frå Sri Lanka, Thailand og India kan ha meir variable og ureine fargar. Rubinar frå Froland i Aust-Agder kan til dels ha god farge, men er for uklåre til å ha nokon stor verdi som edelstein.

Rubinar kan òg framstillast syntetisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Rubin. (19. juni 2012). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rubin