Kari Amble

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Amble
Fødd 19. juli 1961 (60 år)
Yrke journalist

Kari Amble (fødd 19. juli 1961) er ein norsk journalist som er kjend frå nyhendeprogram på NRK.[1]

Etter Fana gymnas studerte ho samfunnsfag og journalistikk ved Universitetet i Oslo og vart med i kvinneradioen Radio Orakel som hadde starta på Blitzhuset i 1982. Etter audition fekk ho byrja hos NRK i 1985, og vart ein av fire som Einar Førde tok inn for å utvikla distriktsfjernsyn. Frå 1988 jobba ho for NRK Hordaland i Bergen og var i 1991 programsekretær då ho vart programleiar for den nye Vestlandrevyen saman med Arild Sondre Sekse og Dag Lindebjerg, og seinare Steinar Birkeland, Elin Helgheim og Øyvind Egaas. Dette var NRK sine første nyhende på fjernsyn frå distrikta (seinare kom det ti distriktssendingar til), men tok fri på somrane, og då kunne Amble utleiast til Dagsrevyen.[2] Ho leidde Bergen journalistlag frå rundt 1993 og var med i sentralstyret for Norsk Journalistlag.

Hausten 1996 vart ho programleiar og vaktsjef for Norge i dag, som NRK Hordaland hadde ansvaret for. Ein sette saman aktuelle filmklipp frå dei ulike distriktskontora og viste til sjåarane.[3] Frå 2000 jobba ho for NRKs Nyhendeblikk i Oslo. 2002–2003 var ho tilbake i Bergen, knytt til Raftostiftelsen i Bergen. Frå 2004 til 2008 var ho tilsett i Bergens Næringsråd etter Trude Drevland som vart byråd for helsetenester, og seinare ordførar i Bergen.[4] Frå 2008 har Kari Amble vore informasjons- og undervisingsleiar for Raftostiftelsen. Ved skøytetinget på Gol i juni 2015 vart ho innvald som styremedlem i Noregs Skøyteforbund som representant for Bergen Kunstløpsklubb, og under skøytetinget i Bergen 11. juni 2017 vart ho gjenvald til same styreplass i skøyteforbundet.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tor Kristiansen, —Ingen by slår Bergen i Bergens Tidende den 19. juli 2011.
  2. Rune Valderhaug, Vinter i alle kanaler i Bergens Tidende den 4. januar 1996.
  3. Arild Berg Karlsen, Resirkulert fjernsyn i Bergens Tidende den 28. september 1996.
  4. Hvor ble de av? i Bergens Tidende den 27. oktober 2006.
  5. «Valgkomitéens kandidater til nytt styre i NSF 2017–2019 – Styremedlem: Kari Amble. Bergen KK» (PDF). Norges Skøyteforbunds Valgkomité. Arkivert frå originalen (pdf) 2018-02-28. Henta 11. juni 2017.