Einar Førde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einar Førde
Einar Førde.jpg
Fødd 20. januar 1943, Høyanger
Død 26. september 2004, Oslo
Einar Førde på Commons

Einar Førde (20. januar 194326. september 2004) var ein norsk journalist og politikar for Arbeidarpartiet. Førde var som politikar ein viktig ideolog og strateg. Han var òg kringkastingssjef for NRK.

Einar Førde var fødd i Høyanger som son av Gudleik Førde og Dagny Hagen. Han tok artium ved Eidsvoll landsgymnas, og studerte ved statsvitskap, historie og samfunssøkonomi ved Universitetet i Oslo. Han gjennomførte også Forsvarets russiskkurs. Han var ein lovande idrettsmann, og vann 1500 m under Nordisk juniormesterskap i 1963.

Som politikar var han stortingsrepresentant frå 1969 til 1989, parlamentarisk leiar og nestleiar i Arbeidarpartiet, og statsråd i Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Odvar Nordli si regjering frå 8. oktober 1979 til 4. februar 1981 og deretter i Gro Harlem Brundtland si første regjering til 14. oktober 1981.

Etter at han slutta på Stortinget var han deretter kringkastingssjef i NRK frå 1989 til 2001. Siste åra skreiv han artiklar kvar veke i Bergens Tidende, og desse er samla i dei to siste bøkene frå hans hand.

Einar Førde døydde 61 år gamal av kreft etter ei tids sjukdom. Han etterlét seg kona Synnøve Nymo og tre born frå dette ekteskapet, to frå tidlegare ekteskap.

Verv[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1968 – Det norske klassesamfunn (Oslo: Samlaget)
  • 1969 – Amerika og vi (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no  [Som redaktør]
  • 1970 – Ungdom og samtid : tre generasjonsportretter (Oslo: Tiden Norsk Forlag) ved bokhylla.no  [med Reidar Hirsti og John Sanness]
  • 1973 – Distriktshøgskule - for kven? : artiklar (Oslo: Samlaget)  [Orion-bøkene 138]
  • 1976 – Vår velstand og vekst til debatt : U-landenes krav om en ny økonomisk verdensordning : en mer kritisk vekstpolitikk i Norge? (Oslo: Tiden) ved bokhylla.no  [med Sverre Jervell (redaktør), Runar Hannevold, Halle Jørn Hanssen, Rolf Lasse Lund, Jan Pronk]
  • 1981 – Vi er alle sosialdemokrater : åtte foredrag (Oslo: Tiden) ved bokhylla.no
  • 1990 – Smeltedigelen Høyanger (Oslo: Samlaget) ved bokhylla.no
  • 1994 – Næringslivet på anklagebenken (Oslo: Aschehoug) ved bokhylla.no  [med Per Kleppe, Johan B. Holte, Arnulf Ingebrigtsen, Herbert Tingsten, Knut Samuelsson og Anthony Sampson]
  • 2002 – Utsyn : innkast mot gravalvorets diktatur (Oslo: Samlaget)
  • 2005 – Innsyn : artiklar : 2002-2004 (Oslo: Samlaget)

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Fjognedok : register over lokalhistorisk litteratur i Sogn og Fjordane

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Einar Førde