Karl Hagerup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Karl Hagerup (1918-1940).
Karl Hagerup
Karl Hagerup.JPG
Fødd 16. januar 1859
Frosta
Død

26. mai 1958
Levanger

Yrke politikar, bonde, agronom, lærar

Karl Marius Hagerup (fødd 16. januar 1859 på Frosta, død 26. mai 1958) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann for Venstre.

Hagerup var elev ved Kuløys folkehøgskole i 1877, Vonheim folkehøgskole i 1879, Sædelands landbruksskole i Danmark 1881-82 og Askov folkehøyskole 1884-86. Han avla i 1890 eksamen ved Aas landbruksskoles høgre avdeling. Hagerup var lærar ved Kuløys folkehøgskole 1886-89, gardbrukar på Gudmundshus i Verdal 1891-98, samt lærar ved Mære landbruksskole frå 1895.

Hagerup var varaordførar i Verdal 1894-95. Perioden 1901-09 var han formann i skulestyret i Sparbu og frå 1910 medlem av Sparbu formannskap. Styreformann i Sparbu arbeiderbank frå 1903.

Hagerup var innvald på Stortinget frå Værdalen krins i Nordre Trondhjems amt frå 1906 til 1915. Heile tida på Stortinget var han medlem av Lagtinget og av landbrukskomiteen, i den siste som sekretær 1910-11, nestformann 1912 og formann 1913-15.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]