Karl K. Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl K. Kleppe
Fødd30. mars 1877
Død27. mars 1959 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Utdanna vedNoregs miljø- og biovitskaplege universitet
Alle verv

Karl Korneliusson Kleppe (30. mars 187727. mars 1959) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Klepp i Rogaland. Han representerte partiet VenstreStortinget frå 1919 til 1945.

Kleppe var son til ein gardbrukar i Klepp. Etter å ha gått ut frå amtsskulen på Jæren i 1893, gjekk han nokre år amts-landbruksskulen på Tveit i Ryfylke i 1898. Deretter gjekk turen til Noregs Landbrukshøgskule, der han tok eksamen i 1900.

Kleppe var frå 1900 til 1942 landbrukslærar ved Jæren folkehøgskule. I åra frå 1909 til 1940 dreiv han også farsgarden ved Kleppe stasjon.

Valperioden 1914-16 var han varaordførar i Klepp, og 1932-34 ordførar. Ved stortingsvalet 1918 vart Kleppe vald til stortingsmann frå einmannskrinsen Jæderen. Han vart attvald ved alle stortingsval fram til 1936, då som representant for landkommunane i Rogaland. Den fyrste treårsbolken på Stortinget var han medlem i Universitets- og fagskulekomiteen, sidan var han medlem 1922-27 i Jarnbankekomiteen og 1928-45 i Landbrukskomiteen, sekretær i sistnemnde frå 1937. Kleppe skreiv grundige referat frå møta i parlamentsgruppa til Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]