Karl Schwarzschild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Schwarzschild
Schwarzschild.jpg
Karl Schwarzschild (1873-1916)
Fødd 9. oktober 1873(1873-10-09)
Frankfurt am Main
Død 11. mai 1916 (42 år)
Potsdam
Nasjonalitet tysk
Område Fysikk
Astronomi
Yrke fysikar, astronom, astrofysikar, universitetslærar, matematikar
Institusjonar Universitetet i Göttingen
Alma mater Ludwig Maximilian universitet i München
Doktorgradsrettleiar Hugo von Seeliger
Influerte Martin Schwarzschild
Medlem Det prøyssiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Karl Schwarzschild (9. oktober 187411. mai 1916) var ein tysk fysikar og astronom. Han er mest kjend for det teoretiske arbeidet sitt; og då særskilt for å finna den fyrste løysinga på likningane i den generelle relativitetsteorien til Albert Einstein. Han er far til astronomen Martin Schwarzschild.

Schwarzschild gav bidrag til dei fleste område av astronomien, men er særleg kjent for sine arbeid over fotografisk fotometri, geometrisk optikk, eigenrørsla til stjernene, stellarstatistikk og teorien for strålingstransport. Schwarzschild er òg kjent for viktige bidrag til relativitetsteorien, mellom anna løysinga av Einsteins feltlikningar, som dannar grunnlaget for teorien for svarte hòl.

Schwarzschild leidde dei to observatoriuma Göttingen og Potsdam dei siste fem åra før den fyrste verdskrigen braut ut. I 1914 melde han seg for frivillig hærtenesta og døydde to år seinare av ein hudsjukdom han fekk på austfronten. I Tautenburg, ved Jena i Tyskland vart Schwarzschild-observatoriet grunnlagt i 1960. Det er utstyrt med eit 2-meter universalspegleteleskop som i sitt slag er det største i verda. Det har fire forskjellege optiske system og kan mellom anna nyttast som Schmidt-teleskop.

Asteroiden 837 Schwarzschilda er namnsett etter han.

Relativitetsteori[endre | endre wikiteksten]

Schwarzschild hadde så tidleg som i 1900 kome med eit framlegg om at geometrien i universet ikkje var evklidsk. I 1916, kort tid etter at den generelle relativitetsteorien vart offentleggjord og i det siste leveåret hans, hadde Schwarzschild funne den fyrste eksakte løysinga på feltlikningane åt Einstein. Frå denne løysinga kom han fram til konsepta til det som i dag vert kalla svarte hòl og Schwarzschild-radius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl Schwarzschild