Kasper Sund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kasper Sund
Lensmann Kasper Sund.png
Fødd 7. april 1848
Vikna
Død

21. februar 1907

Yrke politikar, bonde, Lensmann

Kasper Oluf Olsen Sund (7. april 184821. februar 1907) var ein norsk lensmann, gardbrukar og Venstre-politikar frå Vikna.

Han var son til ein gardbrukar på Yttersund i Vikna. I yngre år var han kontorist hos lensmannen, samt sjømann i innanriksfart. Frå 1879 var han fiskerioppsynsmann i Vikna og Lofoten, lensmann i Fosnes frå 1897. Han tok over farsgarden i Vikna og dreiv denne.

Sund var medlem av Vikna formannskap, ordførar 1881-97, og seinare medlem av Fosnes heradsstyre. Elles var han valmann, forlikskommissær, medlem av amtsskulestyret, samt skattekommissær 1892-94. Sund vart ved stortingsvalet 1906 innvald på Stortinget frå Namdalen krins for perioden fram til og med 1909. Han møtte berre nokre få dagar i oktober, vart sjukmeld to gonger og permittert i november. Allereie i februar 1907 døydde han på Otterøy i Fosnes. Varamannen Ole Aavatsmark møtte resten av perioden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]