Ole Aavatsmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Aavatsmark
Ole Severin Aavatsmark.jpg
Fødd 10. august 1855
Grong
Død

11. oktober 1935
Namsos

Yrke politikar, redaktør, organist
Ole Aavatsmark på Commons

Ole Severin Aavatsmark (10. august 185511. oktober 1935) var ein norsk lærar, redaktør og Venstre-politikar frå Grong i Nord-Trøndelag.

Aavatsmark var son av ein lærar og kyrkjesongar. Sjølv tok han eksamen ved Klæbu seminar i 1874. Sidan var han lærar i Namsos 1875-1919, organist i Namsos kyrkje frå 1881, skulestyrar ved folkeskulen i Namsos 1917-19, samt redaktør i avisa Nordtrønderen 1892-1924. Åra 1878-87 gav han ut barnebladet Barnebudet og saman med Marius Hægstad gav han ut verket Namdalsk folkedigtning. Han lærte musikkteori og orgelspel hos Ludvig Mathias Lindeman i 1881, og studerte ved musikkonservatoriet i Kristiania i 1886. I 1890 hadde han stipend for å studere skulestellet i Danmark og Sverige. Han var formann i Namsos Arbeidersamfund 1887-1909. Aavatsmark var ordførar i Namsos i 1906 og 1910-13, forlikskommissær 1892-1907.

Aavatsmark var 1. vararepresentant til Stortinget frå Namdalen 1906-09 og på ny 1916-18. Han møtte fast 1907-09 etter Kasper Sund døydde i 1907, då medlem av justiskomitéen. I 1918 møtte han på Stortinget ei kort tid. Han representerte Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]