Kasterørsle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Forskjellige prosjektilbanar

Ein prosjektilbane eller ei kasterørsle er rørsla og banen ein lekam får ved kast eller utskyting.[1]

Galileo Galilei tenkte seg at den ideelle kastebanen utan luftmotstand, sett saman av ei vassrett rørsle med konstant fart og ei loddrett rørsle med akselerasjon bestemt av tyngda. Banen vert då ein parabelboge. Luftmotstand, vind, jordrotasjonen og eigenrotasjonen til lekamen gjer at banen avviker frå parabelen og vert vanskeleg å berekne.

For eit prosjektil skil ein mellom to hovudtypar prosjektilbanar, såkalla indirekte og direkte eld. «Indirekte eld» er krumbaneeld, medan «direkte eld» er flatbaneeld.

Ein prosjektilbane frå både krumbanevåpen og flatbanevåpen.

Direkte eld – Flatbaneild[endre | endre wikiteksten]

Flatbanebaneeld vert gjeven av kanonar og haubitsar. Ein kanon, i tradisjonell forstand, er kjenneteikna av eit forholdsvis lengre løp, meir enn 25 gonger kaliberet til skytset. Prosjektilet har òg forholdsvis høg utgangsfart. I tillegg har kanonar berre ein låg utgangsvinkel for prosjektilet. Haubits kan avgje eld med både låg og høg utgangsvinkel. Prosjektilbanen til desse våpna er òg ein parabel, men på grunn av den høge utgangsfarten til prosjektilet, utgjer prosjektilbanen berre ein liten del av ein «full» parabel. Døme på våpen og våpensystem som gjev flatbaneild er Bandkanon 1 og Leopard 1.

Eldleiing av direkte eld[endre | endre wikiteksten]

Då målet er fullt synleg for skytset trengst det ikkje tradisjonelle observasjonsposter/eldleiingsavdelingar for å leie elden. I moderne våpensystem er det elektronikk både for å finne måla, stabilisere løpet og så vidare. Målet kan låsast ved hjelp av t.d. laserar og gyroskop brukast til å halde løpet mot målet uansett korleis køyretøyet rører seg.

Indirekte eld – krumbaneeld[endre | endre wikiteksten]

Krumbaneelden, eller indirekte eld, er kjenneteikna ved at målet som regel ikkje er synleg for dei som avfyrer elden, men må leiast av observatørar, såkalla eldleiarar, «artjegerar» (artillerijegerar), FAC (Forward Air Controller) eller i nokre tilfelle oppklaringspatruljar. Krumbaneeld vert avfyrt av haubits og mortar. Mortar kan berre skyte med høg utgangsfast. Banen på prosjektilet er ein parabel. Våpensystem som leverer krumbaneeld er blant anna M224 og M252.

Eldleiing av indirekte eld[endre | endre wikiteksten]

Leiing av krumbaneeld går primært føre seg ved at ein observasjonspost med utsikt over målområdet lokaliserer og avgjer posisjonen til fiendtlege mål, og overfører måldata tilbake til skytset via kommandoplassen. For å avgjere posisjonen til målet må eldleiaren kjenne sin eigen posisjon, avstanden til målet, og dessutan retning og høgdevinkel til målet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]