Katherine Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katherine Johnson

Fødenamn Creola Katherine Coleman
Statsborgarskap USA
Fødd 26. august 1918
White Sulphur Springs
Død

24. februar 2020 (101 år)
Newport News

Yrke informatikar, fysikar, Q10497074, matematikar, lærar
Språk engelsk, fransk
Medlem av Alpha Kappa Alpha
Katherine Johnson på Commons

Katherine Johnson (26. august 191824. februar 2020) var ein USA-amerikansk matematikar og informatikar som er mest kjend for baneberekningane sine innan bemanna romfart for Mercury, Apollo og romferjeprogramma. Ho jobba i NACA, forgjengaren til NASA, frå 1953 til 1958; deretter i NASA fram til ho gjekk av med pensjon i 1988. Der var ho kjend for å beherske komplekse manuelle berekningar, og var med på å bryte veg for bruken av datamaskinar for å utføre oppgåvene. NASA merka hennar «historiske rolle som ei av dei fyrste afroamerikanske kvinnene som jobba som NASA-forskar».[1]

Johnson har motatt ei rekkje utmerkingar for sitt arbeid, deriblant Presidentens fridomsmedalje i 2015, Kongressens gullmedalje i 2019 og National Women’s Hall of Fame i 2022.

Oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Katherine Johnson blei fødd den 26. august 1918 i White Sulphur Springs i Vest-Virginia. Mora heitte Joylette Roberta (fødd Lowe), og faren Joshua McKinley Coleman. Mora var utdanna lærer, mens faren jobba som tømrar, bonde og altmogleg-mann. Han jobba også ved luksushotellet The Greenbrier. Gjennom faren si side hadde ho røter til amerikanske urfolk. Ifølgje Johnson innprenta faren i ho mange gongar gjennom oppveksten at ho var like god som alle rundt seg; men ikkje betre.[2]

Johnson (97 år gammal) mottek presidentens fridomsmedalje frå Barack Obama (ståande) i 2015.

Johnson viste tidleg gode matematiske evner. Ho talde alt ho kom over som barn, og likte å sitje med dei eldre syskena sine når dei gjorde lekser.[3] Innan ho var fire år gammal kunne ho også skrive og lese. Ein lærar ved den lokale skulen oppdaga dette og inviterte ho til å få undervising ved ein privatorganisert «førskule» saman med nokre andre barn. Året etter, som 5-åring, byrja ho normal skulegang. I løpet av det fyrste skuleåret blei ho flytta over til andre klasse. Seinare, i femte klasse, hoppa ho igjen over eit klassetrinn og blei flytta opp til sjette klasse.[4]

Det var ikkje ytterlegare moglegheiter for skulegang for afroamerikanarar i White Sulphur Springs. Familien høyrde om ein skule i Institute i Vest-Virginia som både tilbaud vidaregåande (high school) og høgare (college) til farga. Skulen låg på campusområdet til West Virginia State College (WVSC). Foreldra til Johnson bestemte seg for å sende borna sine dit, i fyrste omgang den eldste systera til Johnson.[5]

Etter to år var storebroren til Johnson også klar til å starte på vidaregåande, og foreldra tok eit val om å flytte heile familien nærmare slik at alle borna skulle kunne gå på skule der. Men faren klarte ikkje å finne arbeid i området, og flytta difor på eigenhand tilbake til White Sulphur Springs mens resten av familien blei igjen i Institute. Her tok han på seg ekstrajobbar for å kunne forsørgje både familien og seg sjølv, som no budde i ulike byar.[6] Johnson gjekk sitt siste år på grunnskulen her, og fullførte grunnskulen i ein alder av ti år.[7]

Johnson fortsette med utdanninga innan matematikk. Her studerte ho blant anna under matematikaren William Schieffelin Claytor. Han fortalde ho at ho kunne bli ein god «research mathematician», og at han ville hjelpe ho med faga ho trong for å bli det. Når Johnson hadde tatt dei normale matematikkursa, sette han opp eigne klasser for hennar del. Det siste faget ho blei undervist i blei kalt for Analytic Geometry of Space, som seinare skulle vise seg å vere avgjerande for den vidare karrieren hennar. Ho tok det som einaste student; ingen andre på skulen var interesserte nok til å følgje undervisinga.[8]

Johnson fullførte college i 1937 med dobbel grad i fransk og matematikk. Ho fullførte summa cum laude, med beste mogleg utmerking, og med det høgaste karaktersnittet nokon student hadde hatt nokon gang i historia til skulen.[9]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Katherine Johnson, Joylette Hylick, Katherine Moore (2021). My Remarkable Journey : A Memoir. Amistad. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]