Kathy Cook

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kathy Cook
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 3. mai 1960 (64 år)
Winchester
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Kathryn Jane Cook, fødd Smallwood (fødd 3. mai 1960) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå Winchester som tevla i ulike sprintdistansar. Ho vann EM-sølv 1982 og VM-bronse 1983 på 200 meter og OL-bronse 1984 på 400 meter. Med britiske lag i 4 x 100 m stafett vann ho i tida 1978-84 to EM-sølv, VM-sølv og to OL-bronsar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Cook var britisk rekordhaldar på 100 m, 200 m og 400 m i over 25 år. Hennar bestetid på 100 m på 11,10 sekund var britisk rekord 1981–2008. På 200 m heldt ho landsrekorden frå 1979 til 2015, aller fortast sprang ho då ho med tida 22,10 måtte nøye seg med fjerdeplass under Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Tre dagar før OL-finalen på 200 m i Los Angeles vann ho bronsemedaljen på 400 meter etter å ha vorte klokka inn på 49,43 sekund.

Kathy Smallwood byrja sanke internasjonale medaljar under Samveldeleikane 1978, der ho var med å sikre England sigeren i 4 x 100 m stafett, ein prestasjon laget ho og medsystrer gjentok i 1982 og 1986. Under EM 1978 tok Smallwood og lagkameratane sølv i stafettkonkurransen. To år seinare vart det stafettsølv i Sommar-OL. To nye sølv kom på høvesvis 200 m og 4 x 100 m stafett då europameisterskapen 1982 fann stad i Aten, på 200-meteren kom ho i mål tre hundredels sekund etter Bärbel Eckert frå Aust-Tyskland.

Under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i 1983 vann Kathy Cook bronsen på 200 meter bak austtyske Marita Koch og Merlene Ottey frå Jamaica, samt sølv i 4 x 100 meter stafett. Ein nytt stafettmedalje sikra Cook seg under dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles, få dagar etter ho vann bronsemedaljen på 400 meter. I OL-finalen på 200 m rauk bronseplassen med minst mogleg margin, ein hundredels sekund.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1978 i Praha: Sølv i 4 x 100 m stafett (42,72). Utslått i semifinalane på 200 m (23,12=nr 9)
  • OL 1980 i Moskva: Nr 5 på 200 m – 22,61, nr 6 på 100 m – 11,28. Bronse i 4 x 100 m stafett (42,43)
  • EM 1982 i Aten: Sølv på 200 m – 22,13 og i 4 x 100 m stafett (42,66)
  • VM 1983 i Helsinki: Bronse på 200 m – 22,37 og sølv i 4 x 100 m stafett (42,71)
  • OL 1984 i Los Angeles: Bronse på 400 m – 49,43 og i 4 x 100 m stafett (43,11). Nr 4 på 200 m – 22,10
  • EM 1986 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 200 m (23,20=nr 10). Nr 5 i 4 x 100 m stafett (43,44)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]