Keith Connor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Keith Connor
Fødd 16. september 1957
Anguilla

Keith Leroy Connor (fødd 16. september 1957) er ein tidlegare friidrettsutøvar som tevla for Storbritannia i tresteghopp. Han vann gullmedaljen i øvinga ved EM 1982 i Aten og bronsemedaljen i same øving under OL 1984 i Los Angeles.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Connor er fødd i Anguilla i Karibia, og flytta med foreldra til Storbritannia i 1964. Han vart samveldemeister i 1978 og 1982 med etter hopp på høvesvis 17,21 m og 17,81, det siste i for sterk medvind. I 1978 kom han elles på sjetteplassen i EM i Praha.

I juni 1982 sette Connor i Provo i Utah sin personlege rekord på 17,57 m. To månader seinare vart han europameister med eit bestehopp på 17,29 m. Under dei olympiske leikane i Los Angeles i 1984 fekk han ein bronsemedalje, i ei tevling der mange av dei beste tresteghopparane i verda ikkje stilte til start, då mange land, særleg austeuropeiske, boikotta leikane.

Skadar førte til at Connor la opp etter OL-sesongen 1984. Han har sidan arbeidd som trenar, mellom anna var han landslagssjef for Australia i perioden 2001-06.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]