Anguilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anguilla
Flagg
Flagg
Våpen
Våpen
Flagg Våpen
Anguilla på verdskartet
Anguilla på verdskartet
Status Britisk oversjøisk territorium
Guvernør Julia Crouch
Hovudstad The Valley
Offisielt språk Engelsk
Areal

- % vatn

91 km²

ubetydeleg

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 19 000 (2023)
ca. 208/km²

Verdsdel Sør-Amerika (Karibia)
Internet-domene .ai
Tidssone UTC -4
Internasjonal telefonkode +1-264
Nasjonalsong God bless Anguilla

Anguilla er ei øy i Karibia som er eit britisk oversjøisk territorium. I tillegg til sjølve øya Anguilla omfattar territoriet òg fleire mykje mindre, ubygde øyar. Arealet er 91 km² med eit estimert folketal på 19 000 innbyggjarar i 2023.[1] Den næraste naboøya er den delte fransk-nederlandske øya St. Martin.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Øya vart først busett av indianarar frå Sør-Amerika. Nokon seier at Christopher Columbus såg øya i 1493, men dei første europearane som heilt sikkert vitja øya var franskmenn i 1564 eller 1565. Øya vart først kolonisert av engelske nybyggjarar frå Saint Kitts i 1650. Det vart gjort forsøk på å utvikla ein slaveribasert plantasjeøkonomi på øya, men dette vart aldri særleg vellukka grunna jordsmonnet og klimaet på øya. Då Storbritannia avskaffa slaveriet i 1830-åra forlét mange plantasjeeigarar øya. Mesteparten av folkesetnaden som vart igjen var fiskarar og bønder av afrikansk opphav.

Tidleg på 1800-talet vart øya administrativt slått saman med Saint Kitts og Nevis. Misnøye med å verta administrert frå Saint Kitts slo ut i ope opprør i 1967. Då fekk kolonien Saint Kitts-Nevis-Anguilla eit omfattande indre sjølvstyre frå Storbritannia. 30. mai 1967 vart det sanktkittiske politiet kasta ut frå øya, som erklært seg lausriven frå Saint Kitts og Nevis. Forhandlingar med britane førte ikkje til noka løysing og i februar 1969 erklærte øya seg som ein sjølvstendig republikk. Ikkje lenge etterpå intervenerte britiske troppar og politi, offisielt for å «gjenoppretta orden». I 1971 kom ein fram til ein avtale som i praksis separerte Anguilla frå Saint Kitts og Nevis. Separasjonen vart formalisert 19. desember 1980, då Anguilla vart eit eige britisk territorium. Medan Saint Kitts og Nevis fekk fullt sjølvstende i 1983 er Anguilla framleis eit britisk område.

Kart over Anguilla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Anguilla» (på engelsk). CIA – The World Factbook. Henta 18. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anguilla