Kemama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Kemama»
Song av Benny Cristo
Land Tsjekkia
Språk Engelsk
Utgjeve 20. januar 2020
Sjanger Indiepop, elektropop, reggae
Lengd 03:00
Selskap Black Different
Låtskrivar(ar) Osama Verse-Atile, Ben Cristóvão, Charles Sarpong, Rudy Ray

«Kemama» (slang for 'OK, mamma') er ein indiepopsong frå 2020 som vert framført av den tsjekkiske artisten Benny Cristo.[1] Songen skulle ha vore det tsjekkiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Kemama» er skriven av Cristo sjølv, saman med Osama Verse-Atile, Charles Sarpong og Rudy Ray. Han var eitt av bidraga i den tsjekkiske songtevlinga Eurovision Song CZ, i regi av Česká televize. Tevlinga opna 20. januar 2020, og 3. februar vart «Kemama» kåra til vinnar av Eurovision Song CZ gjennom røystene frå ein fagjury og ein folkejury. Han vart nummer to hjå juryane, men vann publikumsrøystene og vart dimed det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020. Songen skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020.[3]

Benny Cristo kunngjorde at songen skulle justerast noko og spelast inn på ny i studio i Kenya føre Eurovision Song Contest.[4]

På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[5] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ben Cristovao - Kemama lyrics + German translation» (på engelsk). Henta 10. februar 2020. 
  2. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «Benny Cristo wins Czech national selection for Eurovision 2020». eurovision.tv. 3. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  4. «Benny Cristo will revamp Czech Republic's song for Eurovision» (på engelsk). 10. februar 2020. Henta 10. februar 2020. 
  5. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.