Hopp til innhald

Tsjekkia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjekkia


ČT
Uttakingar
Nasjonalt5
Internt5
Deltaking
Debutår2007
Deltakingar11
Beste resultat
Semifinalen2 (2019)
Finalen6 (2018)
Verste resultat
SemifinalenSist (2007 og 2009)
Finalen25 (2016)
Poeng
Semifinalane871
Finalane608
Totalt1 479

Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007 og har delteke elleve gongar. Tsjekkia er blant landa med dei dårlegaste resultata i tevlinga; berre tre gongar har Tsjekkia kvalifisert seg til finalen. Tsjekkia har òg komme sist i semifinalen to gongar. Den beste plasseringa til Tsjekkia i Eurovision Song Contest er ein sjetteplass frå 2018.[1]

Tsjekkia debuterte i Eurovision Song Contest i 2007, som det siste av dei sentraleuropeiske landa; nabolanda Polen og Slovakia debuterte allereie i 1994. Det er den tsjekkiske allmennkringkastaren Česká televize (ČT) som sender tevlinga i Tsjekkia, og som vel artist og song som skal representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest. I debuten fekk Tsjekkia den verst tenkelege starten, då gruppa Kabát kom heilt sist i semifinalen med songen «Malá dáma». Året etter kom Tsjekkia nest sist i sin semifinale, og i 2009 kom Tsjekkia heilt sist i semifinalen utan eit einaste poeng. Dei elendige resultata gjorde at Tsjekkia trakk seg frå Eurovision Song Contest i 2010 og skulda på liten interesse blant tsjekkarane og låge sjåartal.[2]

Fråværet varte i fem år, og i 2015 var Tsjekkia tilbake igjen i Eurovision Song Contest. Artistane Marta Jandová og Václav Noid Bárta vart valde internt av ČT til å representere landet med songen «Hope Never Dies». Heller ikkje denne gongen klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen, men songen vart nummer 13 i semifinalen med 33 poeng - langt betre enn tidlegare resultat.

I 2016 lukkast det omsider Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Gabriela Gunčíková og songen «I Stand». Men deira fyrste finaledeltaking vart lite suksessrikt: «I Stand» fekk ikkje eit einaste poeng i telefonavrøystinga, og juryane gav songen 41 poeng. Det førte til at Tsjekkia kom nest sist i finalen med 41 poeng.[3]

I 2018 klarte Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen for andre gong. På førehand hadde det tsjekkiske bidraget vore blant favorittane til å vinne Eurovision Song Contest, og Mikolas Josef og songen «Lie to Me» kvalifiserte seg til finalen og endte til slutt på ein sjetteplass – det klart beste resultatet til Tsjekkia til no. Også i 2019 lukkast Tsjekkia å kvalifisere seg til finalen med Lake Malawi og songen «Friend of a Friend».

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
2007Kabát«Malá dáma»TsjekkiskIkkje kvalifisert128
2008Tereza Kerndlová«Have Some Fun»Engelsk918
2009Gipsy.cz«Aven Romale»Engelsk018
2015Marta Jandová og Václav Noid Bárta«Hope Never Dies»Engelsk3313
2016Gabriela Gunčíková«I Stand»Engelsk41251619
2017Martina Bárta«My Turn»EngelskIkkje kvalifisert8313
2018Mikolas Josef«Lie to Me»Engelsk28162323
2019Lake Malawi«Friend of a Friend»Engelsk157112422
2020Benny Cristo«Kemama»EngelskAvlyst
2021Benny Cristo«Omaga»Engelsk og tsjekkiskIkkje kvalifisert2315
2022We Are Domi«Lights Off»Engelsk38222274
2023Vesna«My Sister's Crown»Engelsk, bulgarsk, tsjekkisk og ukrainsk129101104
2024Aiko«Pedestal»EngelskIkkje kvalifisert3811
2025Adonxs«Kiss Kiss Goodbye»Engelsk2912
2026Daniel Zizka«Crossroads»Engelsk

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Ukraina66
02 Aserbajdsjan60
03 Russland58
04 Sverige51
05 Armenia46
Tsjekkia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Kroatia26
02 Island24
03 Slovenia23
04 Austerrike22
Ungarn

Semifinale

[endre | endre wikiteksten]

Tsjekkia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Aserbajdsjan49
02 Island44
03 Portugal41
04 Armenia39
05 Bulgaria34
Tsjekkia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Island52
02 Spania47
03 Portugal40
04 Belgia38
Kroatia

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Czech Republic – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016.
  2. Victor Hondal (22. juli 2009). «Czech Republic withdraws from Eurovision». esctoday.com. Henta 26. desember 2016.
  3. «Eurovision Song Contest 2016 Grand Final – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 26. desember 2016.