Kenai Fjords nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kenai Fjords nasjonalpark
nasjonalpark
Kenai Fjords National Park.jpg

Kenai Fjords nasjonalpark
59°55′4″ N 149°59′15″ W
Wikimedia Commons: Kenai Fjords National Park

Kenai Fjords nasjonalpark er ein nasjonalpark i den amerikanske delstaten Alaska. Parken blei skipa 2. desember 1980, og dekkjer 4 600 km². Dei viktigaste naturattraksjonane i nasjonalparken er i alt 38 isbrear; ein av dei er Harding Icefield, som eit av dei største områda med is i USA. Eit anna karakteristisk naturfenomen er dei mange fjordane som er danna av brearmane, og som har gjeve parken namn.

Nasjonalparken blei danna i 1980 som eit av i alt femten verneområde som blei oppretta samtidig gjennom Alaska National Interest Lands Conservation Act.

Dyrelivet i parken omfattar mellom anna knølkval, spekkhoggar, stillehavsnise (Phocoenoides dalli), stellersjøløve (Eumetopias jubatus), lundefugl, amerikansk svartbjørn og snøgeit.

Parken ligg på Kenaihalvøya i det sørlege sentrale Alaska. Ein kan nå han frå byen Seward ca. 200 km sør for Anchorage. Han er ein av tre nasjonalparkar i Alaska ein kan nå frå bilveg; inngangen til parken er ved breen Exit Glacier.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kenai Fjords nasjonalpark