Kfar Truman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°58′46.92″N 34°55′19.91″E
Kfar Truman
כְּפַר טְרוּמַן
moshav
Kfar Truman 1.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°58′46.92″N 34°55′19.91″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Demobiliserte Palmach-soldatar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Truman

Kfar Truman (hebraisk skrift כְּפַר טְרוּמַן, tyder Truman-landsbyen) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah kring 3 km aust for Ben Gurion internasjonale lufthamn og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 606.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte Palmach-soldatar, og vart først kalla Bnei Harel. I 1950 føreslo representantar frå Jewish Agency å endre namnet til Kfar Truman, til ære for den amerikanske presidenten Harry S. Truman, som gav viktig støtte til opprettinga av Staten Israel. Til gjengjeld, vart moshaven offisielt anerkjent, og gav han rettar til vegar, innlagt vatn og elektrisitet.[1] Skogen ved Kfar Truman vart kalla opp etter Margaret Truman, dottera til presidenten.[1]

Landsbyen vart bygd på landområde som høyrte til landsbyen Beit Nabala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Kfar Truman». Jewish Sightseeing. Henta 16. august 2015.