Hopp til innhald

Kidderminster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kidderminster
by
Kanalsluse med St. Mary and All Saints Church i bakgrunnen.
Foto: Martyn B.
Land  England
Region Worcestershire
Distrikt Wyre Forest
Folketal 55 530 (2011)[1]
Postnummer DY10, DY11
Retningsnummer 01562
Kart
Kidderminster
52°23′19″N 2°14′56″W / 52.3885°N 2.249°W / 52.3885; -2.249
Wikimedia Commons: Kidderminster

Kidderminster er ein by i Wyre Forest-distriktet i Worcestershire i England. Kidderminster har kring 55 000 innbyggjarar.

Byen ligg rundt 25 km sørvest for Birmingham og ligg ved elva Stour. Byen og området er nemnd i svært gamle kjelder, blant anna avgjorde Offa av Mercia ein tvist om området i 781. Dette førte til at det vart etablert fleire kloster i området, og den tidlegaste namneforma Chedeminstre er nemnd i Domesday Book i 1086. Seinare hadde byen fleire namneformer, som Kedeleministre eller Kideministre (på 1100- og 1200-talet), Kidereministre (framover mot 1400-talet), til dagens namn Kidderminster vart fastsett på 1500-talet.

Plasseringa ved elva, med tilhøyrande utbygging av Staffordshire and Worcestershire Canal, gav byen transporthøve, og særleg teppeindustri vart utvikla utover på 1700-talet. Denne har vore, og er framleis viktig for byen økonomi. Seinare vart byen òg knytt til jernbanenettet.

Kjente folk frå byen

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kidderminster