Kilden teater- og konserthus
Kilden teater- og konserthus | |||
| |||
Arkitekt | Finland, ALA Architects, SMS Arkitekter | ||
---|---|---|---|
Stil | modernistisk arkitektur | ||
Kilden teater- og konserthus 58°08′21″N 7°59′50″E / 58.13911389°N 7.99714722°E |
Kilden Teater- og Konserthus for Sørlandet er eit teater- og konserthus på Odderøya i Kristiansand.
Organisasjonen
[endre | endre wikiteksten]Kilden teater og konserthus for Sørlandet er organisert ved at fire institusjonar er fusjonerte inn i verksemda: Kristiansand Symfoniorkester, Kilden Teater, Kilden Opera og Kilden Kultur.[1] Kilden består av eit fullt symfoniorkester, eit regionteater, ein regionopera og kommunal kulturhusdrift, og kompetansesenter for medskapande kunst, Kilden Dialog. Kilden er eit av dei største husa i landet for scenekunst og musikk.
Huset blei bygd og er eigd av selskapet «Kilden Teater og Konserthus for Sørlandet IKS», med Kristiansand kommune (60 %), Agder fylkeskommune (37 %) og Grimstad kommune (3 %) som eigarar.[1] Selskapet blei skipa i 2003, og namnet fastsett i 2006.
Bygget
[endre | endre wikiteksten]Arbeidet på bygget byrja i 2007, og kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen i 2009. Opninga fann stad 6. januar 2012. Arkitekt var finske ALA Architects i samarbeid med SMS arkitekter frå Kristiansand, og AF-gruppa var hovudentreprenør. Bygget har eit bruttoareal på 16 000 kvadratmeter og eit volum på 128 000 kubikkmeter. Ved bygget låg museumsskipet DS «Hestmanden» fortøytt i ein periode etter at skipet kom ut av dokk i 2011. Kong Harald vitja skipet og møtte fleire krigsseglarar hausten 2011.
Salar
[endre | endre wikiteksten]Bygget har fire salar:
- Konsertsalen med 1 185 sitteplassar
- Teater & operasalen med 708 sitteplassar, orkestergrav med plass til 70 musikarar
- Multisalen med 234 sitteplassar eller 400 ståplassar
- Intimsalen med 150 sitteplassar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Dette er Kilden Teater og Konserthus». Kilden Teater- og Konserthus. Henta 26. desember 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Kilden teater- og konserthus» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2022.