Kimer, I klokker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Kimer, I klokker» er ein julesong skriven av N.F.S. Grundtvig, trykt i Dansk kirketidende nr. 27, 1856.

M.B. Landstad tok songen nærast uforandra inn i si kirkesalmebok (aut. 1869). Den einaste endringa han gjorde, var at orda «Synger og danser» i tredje verset vart bytt ut med «Synger og leger». Han er òg med i bokmålstillegget i Nynorsk Salmebok. I Norsk Salmebok (nr. 57) er innleiingsorda endra til «Kim, alle klokker», og tredjeverset opnar «Kom, la oss synge og leke».

Melodien som vert mest nytta i Noreg er frå Stralsund 1654, Halle 1741, same melodien som er nytta til «Lover den Herre». Det finst fleire norske folketonevariantar til denne melodien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]