King Haakon Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°9′S 37°19′W
King Haakon Bay
bukt
none
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°9′S 37°19′W
Lengd 13 km
King Haakon Bay is located in Antarktis
King Haakon Bay (Antarktis)

King Haakon Bay eller King Haakon Sound, er ei bukt på sørkysten av øya Sør-Georgia. Bukta er kring 13 km lang og 5 km brei.

Bukta vart kalla opp etter kong Haakon VII av Noreg av Carl Anton Larsen, som grunnla Grytviken. Queen Maud Bay er kalla opp etter dronning hennar og ligg i nærleiken.

Cave Cove, som er ein del av bukta, er mest kjend som staden der Ernest Shackleton gjekk i land i mai 1916 etter å ha kryssa havet frå Elefantøya i ein open livbåt under Endurance-ekspedisjonen. Dei slo òg leir ved Peggotty Bluff i bukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «King Haakon Bay» (innhald frå Geographic Names Information System).