Kirkibost
Utsjånad
| Kirkibost Lokalt namn Eilean Chirceboist | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | 57°34′N 7°25′W / 57.56°N 7.42°W |
| Øygruppe | Ytre Hebridane |
| Areal | 2,05 km² |
| Høgaste punkt | 7 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Ytre Hebridane |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Kirkibost er ei flat øy vest for North Uist i Ytre Hebridane i Skottland.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Kirkibost, er i lag med naboøya Baleshare, dekt av machair med kystsletter dekte med skjelsand og delvis gras oppå, samt nokre sanddyne, myrer og torvmyrer. I lag med Baleshare dannar ho ein Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse).[1] Dei vesle øyane Eilean Mòr, Bior-eilean og Sròmaigh ligg mellom Kirkibost og North Uist.
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]Øyane er viktige for åkerrikse, forskjellige vadefuglar og overvintrande fuglevilt.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kirkibost» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 Scottish Natural Heritage (Mars 2002). «SSSI Management Statement: Baleshare & Kirkibost SSSI». Arkivert frå originalen 28. september 2007. Henta 19. juli 2007.