Kjøbenhavns Porcellains Maleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjøbenhavns Porcellains Maleri (forkorta KPM) var ei dansk porselensmåleriverksemd skipa i 1883. I 1924 vart KPM kjøpt opp av grossistfirmaet Holst & Knudsen i Århus, som stod bak Porcelænsfabriken Danmark i Kongens Lyngby.

Holst & Knudsen hadde sidan 1904 forsynt isenkramarar i Danmark med glas og porselen frå nokre av dei store fabrikkane i Sentral-Europa, men etterkvart importerte firmaet porselensvarene udekorerte og lét dei bli måla i Danmark, bl.a. hos KPM.

Fabrikken vart lagt ned saman med "Porcelænsfabriken Danmark" i 1969.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lise Skjøt-Pedersen, Porcelænsfabriken "Danmark" 1936-1969 - Kjøbenhavns Porcellains Maleri, Lyngby-Bogen 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]