Rörstrands Porslinsfabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°20′25″N 18°01′33″E

Stempel frå Rörstrand i katalogen frå 1897.
Rörstrandfabrikken i 1896

Rörstrands porslinsfabrik var ein av dei mest kjente svenske porselenprodsentane. Opphavleg vart produkta tilverka ved Karlbergssjön i Vasastan i Stockholm. Seinare vart produksjonen flytt til Göteborg og til sist til Lidköping. Ved utgangen av 2005 vart fabrikken i Lidköping stengd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Porselenstippen i 2008 med Karlbergs slott i bakgrunden.
(Koordinaten syner kor tippen ligg)
«Påfågelvasen» av Anna Boberg, to variantar frå 1897
Tekopp «Grön Anna»
«Nobelservisen» frå 2005
Grona Anna 2.jpg

Rörstrand er omtalt alt på 1200-talet, då Magnus Ladulås gav eigedomen til Klara kloster. I 1527, under Gustav Vasa, vart området tatt under krona. Området vart kalla «Rörstrand» etter vassrøyra som voks ved Klarasjön.

I 1726 vart det lagt ein porselensfabrikk ved slottet Rörstrand. Fabrikken hadde fått privilegium til å framstille ekte porselen, men fajanse var det einaste som kom til å bli produsert fram til 1770-talet. I 1758 tok Marieberg til å framstille frittporselen, men produksjonskostnadene vart høge, marknaden liten og kvaliteten i høve til det utanlandske godset låg. Rörstrand prøvde derfor aldri å kopiere godset frå Marieberg.

På 1770-talet tok ein likevel til med eigen produksjon av det engelske flintgodset. Det tok tid for Rörstrand lukkast i å utvikle teknikken til framstille i det nye godset. Etter at Marieberg vart lagt ned i 1785 var Rörstrand den einaste større svenske porselensfabrikanten, og den tekniske utviklinga vart ikkje prioritert. Først då Gustafsberg vart grunnlagt i 1825 skaut produksjonen av moderne, trykte servise i flintgods fart. På 1860-talet var Rörstrands porslinsfabrik ein av dei største industriverksemdene i Sverige. I 1900 hadde han rundt 1 100 tilsette. Produkt frå fabrikken hadde verdsry og gjorde suksess på ulike kunst- og industriutstillingar.

Utbygginga av Stockholm gjorde at området trengtest til bustader. Fabrikken vart stengd og riven i 1926, tilverkinga vart flytta først til Göteborg der ein hadde kjøpt Göteborgs porslinsfabrik og seinare, på 1930-talet, til Lidköping.

Frå 1960- til 1990-talet bytta Rörstrand eigarar fleire gonger, mellom anna tilhøyrde dei Uppsala-Ekeby, finske Wärtsilä og Hackman og Gustavsbergs porslinfabrik.

Dei noverande eigarane Iittala (2009) flytta produksjonen til Sri Lanka og Ungarn. 30. desember 2005 blei fabrikken i Lidköping stengd, og ein nesten 280-årig svensk industrihistorie ende. Den tidlegare porselensfabrikken er i dag fylt med nye verksemder under namnet Rörstrand Center .

Servise[endre | endre wikiteksten]

Det var først på 1800-talet at ein kan tale om servise i eigentleg tyding. Alt frå dei første åra gjekk det å bestille større bordoppsettingar i same dekor, men det meste var bestillingsvarer og noko namngjeve servise fanst ikkje.

Då dei trykte dekorane for masseprodukskon dukka opp - det første eigentlege matserviset er frå 1826 - var dei alle namnlause. Ved midten av 1800-talet tok dei i bruk skildrande namn som «Turkiskt mönster» i katalogane, men først på slutten av 1800-talet fekk ein verkelege namn på servisa. Unnataket er vel «Willow», som hadde fått sitt namn og rykte alt i England - Rörstrand tilverka ein variant av denne dekoren i perioden ca. 1830-1888.

«Lila spetsmønsteret» var ein av 1800-talets absolutt mest populære servise og vart laga til langt inn på 1900-talet (ca. 1845-1934). Ved hundreårsskiftet vart det skapt ei rekke servise som sidan var ein del av sortimentet i nærare 50 år, som «Bella» og «Vineta».

Eit anna servise som fekk lang levetid var serviset «Grön Anna» (som i ein eldre variant heiter «Gröna Anna»). Fram til 1926 var det produsert av Göteborgs porslinsfabrik. Den lengste levetida av alle fekk «Lila spetsmönstret» som vart tilverka frå ca. 1845 og fram til 1934. «Ostindia» er eit eksempel på ein av fabrikkens populære dekorar frå den seinare tid.

Nokre viktige produkt[endre | endre wikiteksten]

Nokre formgivarar og keramikarar ved Rörstrand[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Helena Dahlbäck Lutteman, Svenskt porslin; Fajans porslin och flintgods 1700-1900, Lund 1980.
  • Petter Eklund; Rørstrand Museum - Vardagsvara och porslinsprimadonnor, 2008.
  • Kjelde vedrørande historikken er informasjonstavla på plassen

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • Ankarberg, Carl-Henrik; Nyström Bengt: Rörstrand i Stockholm: tegelbruk, fajansmanufaktur och keramisk storindustri 1270-1926, Stockholmia, Stockholm 2007, Monografier utgivna av Stockholms stad, 0282-5899 ; 184 (swe). ISBN 978-91-7031-184-0 (inb.). Libris 10468157. 
  • Bæckström, Arvid: Arbets- och disciplinförhållanden vid Rörstrands porslinsfabrik under 1700-talet, Tekniska museet, [Stockholm 1934 (swe). Libris 10353271. 
  • Bæckström, Arvid: En s. k. Cadogan-kanna från Rörstrands barndom, Göteborg 1951 (swe). Libris 10553574. 
  • Bæckström, Arvid: Några keramiska meddelanden: ännu en Cadogan-kanna, Göteborg 1953 (swe). Libris 10553585. 
  • Candr'eus, Cecilia: "...nya material och lätthanterliga produkter...": om AB Gustavsbergs Fabrikers tillverkning av hushållsplaster 1945-1970, Konstvetenskapliga institutionen Uppsala universitet, Uppsala 1998 (swe). Libris 10145021. 
  • Eriksson, Gunilla: Flintporslin med tryckt dekor, Kulturen, Lund 1969 (swe). Libris 10556682. 
  • Folcker, Erik G.: De äldsta Rörstrandsfajanserna, 1910-1925 (swe). Libris 10556740. 
  • Herlitz-Gezelius, Ann Marie: Rörstrand, Signum, Lund 1989, Böcker om konst (Signum), 99-0345976-9 (swe). ISBN 91-85330-91-4 (inb.). Libris 7748022. 
  • Jarefjäll, Katali; Quirin Bertil: Rörstrand: människor, föremål, fabriken, Bertil Quirin, [Kärna] 2006 (swe). ISBN 91-972714-2-X (inb.). Libris 10283218. 
  • Johansson, G.: Rörstrand: från manufaktur till modern storindustri, 1726-1944, Malmö 1944 (swe). Libris 9820376. 
  • Lagercrantz, Bo: Iris, Vineta och Gröna Anna: Rörstrands-serviser 1860-1960, ICA, Västerås 1962 (swe). Libris 8873368. 
  • Det nya Rörstrand., [Sverige] 1951 (swe). Libris 11356427. 
  • Lagercrantz Bo: Rörstrand: dekorer 1850-1990, Rörstrands museum, [Lidköping 1990 (swe). Libris 1235293. 
  • Nyström, Bengt; Brunius Jan: Rörstrand 280 år: med fajans, flintgods, porslin & stengods, Ica, Västerås 2007 (swe). ISBN 978-91-534-2785-8 (inb.). Libris 10140658. 
  • Rörstrand museum (Lidköping); Eklund Petter: Rörstrand museum: vardagsvara och porslinsprimadonnor, Rörstrand museum, Lidköping 2008 (swe). Libris 10740953. 
  • Vogel-Rödin Gösta: Rörstrand 250 år: utställning 17 juni-31 augusti 1976, Västergötlands turisttrafikförening, Skövde 1976 (swe). Libris 1320085. 
  • Gyllensvärd Bo, Hernmarck Carl: Rörstrand under tre århundraden: 1726-1943 : Utställning 3 april-16 maj 1943, Nationalmuseum, Stockholm 1943, Nationalmusei utställningskatalog, 0585-3222 ; 91 (swe). Libris 1411525. 
  • Rörstrands porslins-fabrik., Strengnäs tryckt hos Carl Erik Ekmarck. 1831 (swe). Libris 10197300. 
  • Rörstrandsdekorer., Hackman Rörstrand, Lidköping 1996 (swe). Libris 2233424. 
  • Scherman, Susanna, 1964-; Perlmutter Michael: Den svenska kakelugnen: 1700-talets tillverkning från Marieberg och Rörstrand, Wahlström & Widstrand, Stockholm 2007 (swe). ISBN 978-91-46-21687-2 (inb.). Libris 10415873. 
  • Stråle, Gustaf Holdo: Rörstrand och Marieberg: ett bidrag till den svenska keramikens historia uti 18:e årh., förf., Stockholm 1870 (swe). Libris 1585292. 
  • Stråle, Gustaf Holdo: Rörstrands historia och tillverkningar 1726-1850., Stockholm 1879, Rörstrands samling af fajans och porslin ; 1 (swe). Libris 1610727. 
  • Terriner från förr och nu: Rörstrand Sweden 260 år, 1986 (swe). Libris 3264927. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]