Porcelænsfabrikken Désirée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Porcelænsfabrikken Désirée er ein dansk porselensfabrikk skipa i 1964 av sivilingeniøren H.C. Torbøl som var tidlegare direktør ved Bing & Grøndahl.

Fokus var i starten produksjon av steintøy som middags- og kaffeserviser, vaser og lamper. Det mest kjente serviset er Selandia.

Fabrikken produserte juleplatter frå 1970 til og med 2002. Plattene var designa av Svend Otto S. Alle motiv var inspirert av verka til H.C. Andersen.