Göteborgs porslinsfabrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Priskurant frå Göteborgs Porslinsfabrik

Göteborgs Porslinsfabrik vart grunnlagd i 1898Hisingen i Göteborg av Simon Swartz.

Göteborgs Porslinsfabrik tilverka servise, vaskeoppsatser, ytterkrukker og hushaldningsporselen i perioden 1898-1925. Seksten år etter starten i 1914, vart fabrikken kjøpt opp av Rörstrand. Likevel heldt ein fram med å nytte med Göteborgs-stempel fram til 1926. Det året flytta Rörstrand heile sin produksjon til Göteborg. Ein gjekk då over til å stemple med Rörstrandstempel. Frå og med 1936 tok ein suksessivt til å overføre produksjonen til Rörstrands dotterfabrikk i Lidköping. I 1941 vart fabrikken på Hisingen stengd.

Eit par kjende formgjevarar var Ch. Andreasen og Gustaf Eriksson i periodane 1901-25 respektive 1905-20. Arvid Bergström, svåger til fabrikkens grunnleggar, var dekormålar som mellom anna teikna dekoren på Arvid Blå. Ikkje desto mindre var Grön Anna bestselgaren frå starten. Grön Anna har aldri vore tilverka vid Rörstrandsfabrikken i Stockholm. Frå 1926 tok ein til å stemple Grön Anna med Rörstrandstemplet.

Göteborgs Porslinsfabrik var kjend for sitt julporselen.

Døme på seriar[endre | endre wikiteksten]

  • Siska
  • Göta Original
  • Ingeborg
  • Anna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jane Fredlund, Gammalt porslin. ICA Bokförlag: Västerås 2001
  • Jane Fredlund, Stora boken om antikt. Gammalt och nästan nytt. ICA Bokförlag: Västerås 1986