Kjeglesektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein kulesektor.

Ein kjeglesektor er ein sektor i romgeometri som syner til ein del av rommet som er avgrensa av ei gjeven flate og ei kjegleflate frå toppunktet til sektoren. Som regel er dette ein kulesektor, der flata er ei kule og toppunktet sentrum i kula. Denne delen av ei kule som vert skjert ut av to plan som går gjennom sentrum av kula, vert ofte kalla ein kileforma sektor.

Om radiusen til kula er r og høgda på sektoren er h, så er volumet til kulesektoren:

V = \frac {2 \pi r^2 h}{3} \;.

Dette kan òg skrivast som

V = \frac{2 \pi r^3}{3}(1-\cos\theta),

der θ er halve kjeglevinkelen.

Om radiusen til kalotten er skriven som a, så er flatevidda til kulesektoren

A = \pi r (2h + a) \;.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kjeglesektor