Kjell Fuglehaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjell Fuglehaug, fødd 1950, er ein norsk programleiar for NRK.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Kjell Fuglehaug jobba på Bergensbanen, og Fuglehaug er difor nærmast oppvaksen langs banen. Dei fyrste leveåra sine budde han på Bergheim, før dei flytte til Hallingskeid i Ulvik herad. [1] Her måtte han ta toget for å gå på skule på Finse. Som tredjeklassing flytte Fuglehaug til Myrdal, der han budde til han var 15. Då flytte han til Voss. [2]

Fuglehaug starta i NRK i 1979 som kontaktmedarbeidar. Han vart fast tilsett i 1983, og jobba dei fyrste åra i NRK sin distriktsredaksjon i Hordaland. Seinare jobba han som programleiar i NRK P2 i nokre år og deretter gjekk han over i NRK P1. [3]

I 1995 starta Fuglehaug som fjernsynsprogramleiar for NRK. Han er mest kjend frå NRK-programmet Antikviteter og snurrepiperier, men har også leidd andre program. M.a. var han programleiar for NRK-programmet Med hjarte på rette banen som vart laga i høve 100-årsjubiléet til Bergensbanen. [4]

I dag er Fuglehaug tilsett i Naturredaksjonen i NRK og lagar eigne tittelprogram frå norsk natur, som Kjos i det fri, Med fjellsko og fallskjerm og Ut på tur til Hardanger.

Han har også delteke med innslaget Frå loft til kjellarMorellfestivalenLofthus i Hardanger. [5]

Programleiar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]