Kjell Kristian Rike
| Kjell Kristian Rike | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 12. juli 1944 Bygland kommune |
| Død |
19. mai 2008 (63 år) |
| Yrke | sportsjournalist, programleiar, sportskommentator, sportsskytter |
| Prisar | Gullrutens hederspris |
Kjell Kristian Rike (12. juli 1944–19. mai 2008) var ein norsk TV-journalist og sportskommentator på TV.[1] Rike kommenterte i mange år langrenn, skiskyting, fotball, sykling og skyting på NRK, og er nok best kjend for samarbeidet sitt med Jon Herwig Carlsen som kommentator av skiskyting og langrenn.[2]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Kjell Kristian Rike var frå Byglandsfjord i Aust-Agder. I ungdommen var han fotballspelar og aktiv skyttar.[2] I 1972 vart han skyttarprins på Landsskyttarstemnet, og han vart noregsmeister i feltskyting på Landsskyttarstemnet i 1974.[1][3]
Rike vart skiskyttarkommentator i NRK i 1977 og byrja å kommentere langrenn i 1985.[1][4] Han var òg kommentator under fleire fotball-VM sidan 1986. Han kommenterte dessutan friidrett, golf, trav, sykling og alpint.[2] I periodar fungerte han òg som avdelingsleiar i NRK-sporten. Rike laga òg andre typar program og innslag for TV, men var nok for dei aller fleste kjend for arbeidet sitt som sportskommentator.[5]
Under Gullruten 2007 fekk Rike og Carlsen heidersprisen for innsatsen sin som sportskommentatorar.[6] I 2008 blei Rike (posthumt) og Carlsen tildelte Kongens fortenestemedalje i sølv.[7][8]
Rike var ei tid òg programleiar i Norge Rundt og Langs Landevegen ved sida av jobben i NRK-sporten.[2] Rike kom opp med vignettmusikken til Norge Rundt, ein moderne versjon av «Norsk dans nr. 2» av Edvard Grieg.[9] Då NRK Fjernsynet fylte 25 år i 1985, var Rike ein av programleiarane for jubileumssendinga.[1]
Kjell Kristian Rike døydde av lungekreft 19. mai 2008, etter kort tids sjukeleie.[10][11]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 «Dette er Kjell Kristian Rikes liv». vg.no. VG. 27. november 2025. Henta 19. mai 2008.
- 1 2 3 4 «Kjell Kristian Rike er død». fvn.no. Fædrelandsvennen. 27. november 2025. Henta 7. august 2019.
- ↑ «Takker Kjell Kristian Rike og Per Jorsett: Slik ble skyting TV-sport». vg.no. VG. 27. november 2025. Henta 7. august 2019.
- ↑ «Kjell Kristian Rike begraves i dag: Rørt Bjørndalen: – Kjell Kristian var alltid der». vg.no. VG. 27. mai 2008. Henta 27. november 2025.
- ↑ «Kjell Kristian Rike ble 63 år – Jon Herwig Carlsens ord om ham». sportsbibelen.net. Sportsbibelen. 15. mai 2025. Henta 27. november 2025.
- ↑ «Rike og Carlsen hedret». nrk.no. NRK. 27. november 2025. Henta 11. mai 2007.
- ↑ «Kongen hedrer Rike og Carlsen». nrk.no. NRK. 27. november 2025. Henta 11. november 2008.
- ↑ «Kongelig heder til Rike og Carlsen». vg.no. VG. 11. november 2008. Henta 27. november 2025.
- ↑ «30 år med vanlige folk». bt.no. Bergens Tidende. 27. november 2025. Henta 7. august 2019.
- ↑ «Kjell Kristian Rike er død». nrk.no. NRK. 27. november 2025. Henta 19. mai 2008.
- ↑ «Kjell Kristian Rike er død». seher.no. Se og Hør. 27. november 2025. Henta 19. mai 2008.