Kjell Storelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Storelid
Fødd 24. oktober 1970
Stord
Yrke skøyteløpar

Kjell Storelid (fødd 24. oktober 1970) er ein norsk tidlegare skeiseløpar fødd i Naustdal, oppvaksen på Stord. Han vann sølvmedaljen på både 5 000 m og 10 000 m under Vinter-OL 1994Hamar, og vart norsk firkampmeister i 1997. Storelid var medlem av Stord Turn og Idrettslag, før han ei tid var med i Skøyteklubben -94 og så atter i Stord Turn og Idrettslag.

Storelid fekk sitt gjennombrot i 1994-sesongen. Han vart femtemann i EM på Hamar og nummer seks ved VM i Göteborg. Seks veker etter EM i det nybygde Vikingskipet tok Storelid på same arenaen sølv på 5000 m etter landsmannen Johann Olav Koss, før dei same to og i same rekkefylgje også syrgde for norsk dobbeltsiger i milløpet.

Langdistansespesialisten Storelid enda på sjuandeplass i EM 1995 og vart femtemann i EM 1997 i Heerenveen. Etter andre- og tredjeplass i firkamp NM 1994 og 1995, lukkast Storelid å verte noregsmeister under NM 1997 i Bergen.

Under Vinter-OL 1998 i Nagano enda Storelid på femteplass på 10 000 m og åttande på 5 000 m. Fire år seinare vart han nummer åtte på 10 000 m då Vinter-OL 2002 fann stad i Salt Lake City.

Storelid vann fem NM i distanseløp; på 10 000 meter i 1993 og 1995, og på 5 000 meter i 1994, 1995 og 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]