Kjellstad stoppestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjellstad stoppestad var ein tidlegare haldeplass på den strekninga av Drammensbanen mellom Spikkestad stasjon og Brakerøya som vart lagt ned i i 1973, i samband med at lina mellom Asker stasjon og Brakerøya vart opna som dobbeltspora bane gjennom Liertunnelen og over Lierstranda. Haldeplassen låg på Kjellstad midt på Liersletta, der bana gjekk beint som ei stram snor mellom Lier stasjon og Brakerøya. Bana forbi haldeplassen var einspora, med ei plattform dels bygd av tre, dels av oppfylte masser attom ein murkant mot sporet. Avstanden frå Oslo Vestbanestasjon var 47,94 kilometer.

Haldeplassen vart opna 1. mai 1916 som stoppestad med ekspedisjonsbygning for ferdafolk og gods. Den tidlegare Romika Skofabrikk, kjent for sine tøflar, låg på Kjellstad, og dei sendte mykje av produksjonen sin med tog frå denne haldeplassen. Heilt fram til haldeplassen vart lagt ned 3. juni 1973, var det betening her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]