Asker stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°50′5.7840″N 10°26′4.1280″E

Asker stasjon fotografert i 1922. Den store teglsteinsbygningen til høgre i biletet er jarnbanen sin transformatorstasjon. Bygningen står framleis, men er nedlagt som transformatorstasjon og bygd om til kunstgalleri med namnet Galleri Trafo, som seinare vart til Trafo kunsthall.
Foto: Anders Beer Wilse
Eit tog til Larvik og flytoget står på Asker stasjon.
Foto: Trond Strandsberg
Oversyn over perrongane og spora.
Foto: Trond Strandsberg
Stasjonsbygningen på Asker stasjon med torget i framgrunnen
Foto: Trond Strandsberg, 2007
.

Asker stasjon er ein jarnbanestasjonAsker i Asker kommune. Stasjonen er sams for Drammensbanen, Spikkestadbanen og Askerbanen, og er den femte største i Noreg, rekna etter talet på ferdafolk. Ikkje berre lokaltoga i Osloområdet stoggar her, men òg regiontoga på Bergensbanen, Vestfoldbanen og Sørlandsbanen. Dessutan stoggar flytoget mellom Gardermoen og Drammen på Asker stasjon, og hadde opphavleg Asker stasjon som endestasjon før ruta vart lengd til Drammen i 2010.

Asker stasjon vart bygd i samband med bygginga av Drammensbanen, og stod ferdig då denne banen vart opna i 1872. Men stasjonen er sidan dess bygd om fleire gonger, og dessutan flytta litt fram og attende. Den opphavlege stasjonsbygningen, teikna av arkitekt Georg Andreas Bull vart erstatta i 1921 av ein ny bygning som var teikna av Ragnvald Utne ved NSB Arkitektkontor. Denne bygningen vart nedriven i 1957 og erstatta i 1960 av ein ny, som òg var teikna ved det same arkitektkontoret. Denne bygningen måtte byggjast om i 1998 etter teikningar av arkitekt Niels Torp.

Heile stasjonsområdet vart ombygd og utvida i perioden 2003–2006 i samband med at Jernbaneverket bygde høgfartsbanen Askerbanen, og soleis utvida frå to til fire spor på strekninga frå Asker stasjon til Lysaker på grensa mellom Bærum kommune og Oslo. Askerbanen kjem inn på stasjonen i ein ny tunnel attmed den gamle tunnelen for Drammensbanen, og mellom anna måtte stasjonsbygningen ombyggjast for å tilpassast dette. Det vart òg bygd ein ny undergang til perrongane, og i denne undergangen har biletkunstnaren Sven Påhlsson og komponisten Erik Wøllo skapt eit audiovisuelt kunstverk. Kunstverket er ein stendig vekslande kombinasjon av fargar og tonar som tek utganspunkt i primærfargane raudt, blått og gult, som vert blanda og endra ved at datateknikk styrar tallause lysdiodar i bakkant av tre langstrakte tavler i svartmåla stål som er plasserte langs ein betongvegg. Denne fargevekslinga har tonefølgje av spesialkomponert musikk frå eit lydspor som går i ei fire timars sløyfe, men som endrar seg frå dag til dag.

Sumaren 2012 vart det slutt med manuelt billettsal på Asker stasjon. Alle billettar må kjøpast frå automatar på stasjonen (eller på førehand over internett), til liks med det som har vorte vanleg på dei fleste av jarnbanestasjonane i Noreg.

I beinveges tilknyting til stasjonsområdet ligg Asker Bussterminal, opna 1996, med bussliner lokalt i Asker, til Drammen over Lier, til grannekommunane Bærum og Røyken og til Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]