Oslo Vestbanestasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om jernbanestasjonen. For morenen, sjå Vestbanen i Dronning Maud Land.

Koordinatar: 59°54′41.371″N 10°43′48.986″E

Oslo Vestbanestasjon
Vestbanen.JPG
Den freda stasjonsbygningen på Oslo Vestbanestasjon

Foto: Nina Aldin Thune (2006)

Stasjonsområde
Stad Vika
Opna 1872
Arkitekt Georg Andreas Bull
Linjer og rutedrift
Linje(r) Skøyen–Filipstadlinjen
Overgang
Oslo Vestbanestasjon (til høgre) og stroket kringom. Måleri frå 1890 av kunstmålaren Christian Christiansen (1825-1894).
Vestbanestasjonen og jarnbanelina inn, markert på kart frå 1900.
Oslo Vestbanestasjon fotografert i 1938.
Stasjonsbygningen med lokalstasjonsbygningen til venstre for seg, slik dei ligg i bybiletet i 2006. Trea attom bygningane er planta i samband med at området for spora og perrongane vart gjort om til parkeringsplass for bilar. Her har no nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design fått si tomt.

Oslo Vestbanestasjon, òg kalla berre Vestbanestasjonen eller Vestbanen, var endestasjonen i Oslo for Drammensbanen frå banen var bygd i 1872 og fram til 1989, då banen var lagt gjennom byen i Oslotunnelen og knytt til resten av jarnbanenettet i Osloområdet over Oslo Sentralstasjon. Stasjonen har endra namnet etter kvart som byen endra namnet. Ved opninga 7. oktober 1872 var namnet på stasjonen berre Christiania, som i 1882 vart endra til Christiania V for å markere at det galdt Vestbanestasjonen; 1. april 1905 vart namnet endra til Kristiania V i samsvar med den tilsvarande endringa av namnet på byen, og 1. januar 1925 vart namnet Oslo V i samsvar med at byen fekk namnet Oslo.

Oslo Vestbanestasjon låg i Pipervika. Etter saneringa av stroket i samband med bygginga av Oslo rådhus, vart stasjonen liggande i eine enden av Rådhusplassen, no den parten av Rådhusplassen som har fått namnet Brynjulf Bulls plass. Stasjonen var knytt til den tidlegare Oslo Austbanestasjon (attmed noverande Oslo Sentralstasjon) over ein einspora jarnbane for godstrafikk, Havnebanen, som gjekk kring det neset der Akershus festning ligg.

Stasjonsbygningen stod ferdig til opninga av Drammensbanen i 1872. Bygningen er oppført i pussa teglstein i ny-romansk stil, og er teikna av arkitekt Georg Andreas Bull, som har teikna ein rad stasjonsbygningar, mellom anna stasjonsbygningen på den tidlegare Oslo Austbanestasjon. Lokalstasjonsbygningen på Oslo Vestbanestasjon er yngre enn sjølve stasjonsbygningen, teikna av arkitekt Ivar Næss og bygd i pussa tegl i 1918-1919.

Etter at Oslo Vestbanestasjon var lagd ned i 1989, vart spor og perrongar på stasjonen fjerna og arealet lagt ut til parkeringsplass for bilar i påvente av avgjerd av kva området skulle nyttast til. Slik låg det i nærare ein mannsalder, før det til sist vart tomt for nybygget til Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, og byggjearbeidet på det nye museet kunne take til i 2014.

Jarnbanestrekninga mellom Skøyen stasjon i Oslo og godsbanetomta for Oslo Vestbanestasjon på Filipstad i Oslo vart omgjort til Skøyen–Filipstadlinja for oppstilling og vedlikehald av lokaltog, medan strekninga derfrå og inn til den tidlegare persontogstasjonen vart til tomt for bustadblokker. Eit lite hus med ekspedisjon og lager for gods som låg på austsida av stasjonsbygningen, vart etter nedlegginga av stasjonen nytta mellom anna som teaterlokale ei tid, og vart rive i 2012, medan sjølve stasjonsbygningen og lokalstasjonsbygningen er teke vare på, freda og bygd om til andre føremål; stasjonsbygningen hyser frå 2005 lokale for Nobels Fredssenter.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!