Kjerringjuldagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjerringjuldagen eller kjerringjula er, spesielt i Nord-Noreg, men òg sørover lang kysten, ei feiring som avsluttar jula. Det er sterkast tradisjon for å knyte kjerringjuldagen til kyndelsmesse 2. februar, men somme stader, i alle fall i nyare tid, er dagen markert tidlegare.

Innhaldet i feiringa[endre | endre wikiteksten]

Når mannfolka var reist på Lofoten, og kvinnfolka kunne slappe av etter strevet og ta seg tid til å smake på restar av rekstekosten, var det tid for å feire kjerringjul.[1] Dei kunne komme saman og smake på lefsa, drikke god og sterk kaffi og ikkje minst prate.

Kjerringjuldagen var fridagen, kosedagen, fredens dag for kvinnfolk ved havet. Dei kunne sitje med hendene i fanget og kose seg - i lag eller åleine.[2]

Frå Lofoten, der mannfolka ikkje trong reise heimanfrå for å komme seg på fiske, finst det forteljingar om andre måtar å feire kjerringjula på. Då vart kjerringjuldagen ein dag kjerringane gjorde det ekstra koseleg for mannfolka, og lage noko god mat til dei når dei kom frå havet. Somme stader tok kjerringane med seg ungar og lefse og møtte opp ved rorbua når båtane kom til lands.[3]

Datoen for feiringa[endre | endre wikiteksten]

Det er sterkast tradisjon for å knyte kjerringjula til kyndelsmesse, ein dag som i Noreg var heilagdag fram til festdagsreduksjonen i 1770. Sidan vart dagen mange stader heldt som «halvhelg». Slik vert det fortald frå Lofoten,[4] frå Trondenes,[5] og frå Senja.[6] Slik var òg tradisjonen i Beiarn[7] og på kysten av Helgeland.

Men det finst òg tradisjon for at feiringa er lagt til tjuande dag jul (13. januar)Kuling.net, folkeminne frå Andøya og til 8. januar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]